Nord-Fron kommune

Planar og forskrifter

Planar og forskrifter

Læreplan for grunnskole og videregående skole

Den generelle delen betonar det skapande menneske, og beskriv det kulturelle og kunstneriske fundament som kulturskolen skal bygge på. I tråd med dette er kulturskolen etablert med tilbud om opplæring innan ei rekke kunst- og kulturuttrykk. Som del av kommunen sitt opplæringstilbud blir kulturskolen bygd på det same læringssyn og verdigrunnlag som skoleverket for øvrig.

 

Opplæringsloven § 13 – 6:

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbid til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles.»

 

Ny rammeplan for kulturskolen «Mangfold og fordypning»

(vedtatt i Norsk Kulturskoleråd i 2016).

Lovparagrafen i Opplæringsloven har ingen forskriftsheimel. Det har avdekka eit behov for å utarbeide ein nasjonal tilråding for kulturskoletilbud i framtida; «Rammeplan for kulturskolen». Fron kulturskole brukar rammeplanen som eit sentralt styringsverktøy. Den bidreg til veiledande nasjonale standardar når det gjeld den faglege kvaliteten på tilbudet. Planen trekkjer opp felles retningslinjer for å sikre god kvalitet, samtidig som den legger opp til fleksibilitet i innhald, slik at det blir mogleg for den enkelte skole å velge kunstfaglege profilar og legge opp til ei undervisning som ivaretek ulike elevføresetnader.