Kåja Camp

    

Kva tilbyr vi?

Kåja Camp er ein ungdomsfestival for ALL ungdom, uavhengig av kjønn, interesser, religion og medlemskap i forening. 

Festivalen blir arrangert av Vinstra ungdomsklubb, Ung i Midtdalen og Nord-Fron ungdomsråd, og foregå i Kåja siste helg før skuleslutt.

Programmet varierer frå år til år - sjå heimesida for oppdatert informasjon. 

Kven kan få tilbodet?

Kåja Camp er ope for all ungdom frå og med 8. trinn til og med 3. året vidaregåande. Det er ingen geografiske begrensninger på kven som kan delta. 

Korleis få tilbodet? 

For å delta på Kåja Camp lyt du melde deg på via heimesida. Påmeldingsperioda er vanlegvis mellom 1. mai og ei veke før festivalstart (ca 8. juni). 

Kva kostar det? 

Prisen for å delta på Kåja Camp 2019 var kr. 530.