Ungdomsråd

Nord-Fron ungdomsråd er eit representativt utval av ungdom i kommunen, og skal tale ungdommen si sak.

Samansetting

Nord-Fron ungdomsråd er samansett av 9 ungdom frå kommunen. Samansettinga er som følgjer:

  • Tre representantar vald av elevrådet ved Vinstra ungdomsskule
  • Fire representantar vald av elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
  • To representantar vald av Nord-Fron kommune
    • desse skal utjamne eventuelle skeivheter i kjønn, alder og geografi
Nord-Fron ungdomsråd 2023 - 2025
Medlem Vald av
Luna Rustbakken Elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Kinga Gorska Elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Kristine Milsteinhaugen Kaldhusdal Elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Saskia Ylva Tegeler Elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Rebecca Alhovik Øybrekken Elevrådet ved Vinstra ungdomsskole
June Berget Elevrådet ved Vinstra ungdomsskole
Johannes Toxe Elevrådet ved Vinstra ungdomsskole
Ole Kristian Gunnarstuen Nord-Fron kommune
Mathias Kvalen Nord-Fron kommune

Møter
Ungdomsrådet møtast ein gong i månaden, og tek opp sakar som angår ungdommen. Det blir sendt ut innkalling i forkant av møter, og protokoll i etterkant, på lik line med andre styrer og utval i kommunen. Leiar i ungdomsrådet er møteleiar, kommunen stiller med møtesekretær. Møta føregår på dagtid på kommunehuset i Nord-Fron.

Midler
Ungdomsrådet disponerar ein pengepott som skal vera med å støtte tiltak retta mot barn og ungdom i kommunen. Du søker ved hjelp av digitalt skjema.

Søknader som kjem inn etter 1. november blir behandla på fyste møte i komande kalenderår. 

Søk ungdomsrådet om midler

Vedtekter
Klikk her for å sjå vedteker for Nord-Fron ungdomsråd.

Kontakt

Facebook