Vinstra ungdomsklubb

Kva tilbyr vi?

Vinstra ungdomsklubb er eit ope tilbod for ungdom i Nord-Fron og Sør-Fron fom. 8. klasse og oppover. 

Vinstra ungdomsklubb ligg i gamle Kåja barnehage i Kåja idrettspark. Ungdomsklubben ligg på eitt plan, og er omlag 300 m2 stort.

Ungdomsklubben inneheld mellom anna eiga datarom, puterom, biljardbord, fussballbord, eigen bar (med slush!) og kjøkken, eit filmrom og ein BlackBox med full band-backline. 

Kven kan få tilbodet?

 

Vinstra ungdomsklubb er ope for ungdom fra og med 8. trinn tom. 19 år. Tilbodet er for ungdom i Nord-Fron og Sør-Fron. 

Kva kostar det? 

Å vera på Vinstra ungdomsklubb er heilt gratis! Nokre arrangement tek inngang, t.d. Halloween og arrangement som går over lengre tid - sjå heimesida til ungdomsklubben for meir informasjon. 

Kontakt

Vinstra ungdomsklubb
Petter Holsbrekken Skar
Kulturmedarbeider
E-post
Mobil 41 57 76 49

Opningstider

Måndag
15.00 - 19.30

Onsdag
17.00 - 21.00

Fredag i partalsveker
18.00 - 22.00

Vinstra ungdomsklubb følgjer skoleruta, og er stengt på dagar det er skolefri.

Kart