Støtteordning for større kultur- og idrettsarrangement
Føremålet med ordninga er å stimulere arrangørar av større kultur- og idrettsarrangement til å satse på arrangement av nasjonal betydning. Arrangement skal skape engasjement og positive ringverknader for lokalsamfunnet, og bidra til å gjera kommunen attraktiv for tilflytting og etablering av næring.
Tilskotsordninga skal motivere til auka satsing på arrangement som er av stor betydning for kommunen.
Ordninga skal spesielt prioritere:
- Nye arrangement.
- Etablerte arrangement som ønskjer å utvikle seg.
- Arrangement i regi av frivillige lag og organisasjonar.
Kven kan søkje?
Arrangørar av større idretts- og kulturarrangement med forankring i Midt-Gudbrandsdalen, som har betydning for Nord-Fron kommune, kan søkje om støtte. Arrangementa skal rette seg mot deltakarar og publikum, også utanfor regionen.
Arrangør må vere registrerte i Brønnøysundregisteret og ha eit organisasjonsnummer.
Arrangement som allereie får støtte frå Midt-Gudbrandsdal interkommunale politiske råd, blir ikkje prioriterte i denne ordninga.
Søknadsprosess og behandling av søknader
- Søknad om støtte skal innehalde ei kortfatta beskriving av prosjektet, inkludert mål, potensiale og budsjett/finansiering.
- Søknaden skal sendast gjennom kommunen sitt elektroniske søknadsskjema for ordninga, innan fristen 15. februar.
- Søknader som kjem etter søknadsfristen vil ikkje bli lagt fram til behandling.
- Administrasjonen vurderer søknadene og legg fram sak for formannskapet, som gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.
Utbetaling av tilskot
Tilskot blir som hovudregel utbetalt etter at sluttrapport og rekneskap er levert. Rapportane skal dokumentere gjennomføring av tiltak i sett opp i søknaden.
Rekneskap skal setjast opp i samsvar med oppsett budsjett i søknadsskjemaet.
Ved større tilskot kan det krevjast revisorattestert rekneskap.
Delutbetaling på inntil 85 % av innvilga tilskot kan skje etter søknad og dokumentert delrekneskap. Dei siste 15 % av tilskotet blir utbetalt etter innlevert sluttrekneskap.
Kommunen skal krevje heile eller delar av tilskotet attende dersom arrangementet ikkje blir gjennomført, heile eller delar av tilskotet ikkje er brukt slik det er beskrive i søknaden, eller rekneskapen viser eit kontantoverskot.
Synleggjering av kommunen
Arrangement som mottek støtte, skal synleggjere Nord-Fron kommune ved å profilere kommunen i program, på nettsider og i sosiale mediekanalar.
Kommunen sitt kommunevåpen og namn skal nyttast i marknadsføringa av arrangementet.
Klage på vedtak
Den/dei som er part i ei sak som etter forvaltningslova er definert som eit enkeltvedtak, har rett til å klage på vedtaket. Klage må setjast fram seinast tre veker etter at melding om vedtaket er teke imot.
Søknadsfristen er 15. februar!
Detaljert budsjett må følgje søknaden. Fyll ut denne budsjettmalen (XLSX, 14 kB)og last opp når du søker i skjemaet under.
Søk om tilskot til større arrangement her!
Tildeling av driftsstøtte - idrett og fritid
Nord-Fron kommune gir kvart år økonomisk støtte til kulturarbeid i kommunen.
Føremålet med ordninga er å bidra til eit aktivt og inkluderande idretts- og fritidstilbod i Nord-Fron kommune. Særleg skal ordninga stimulere til aktivitet for barn og unge, men også sikre breidde og deltaking på tvers av aldersgrupper.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet i Nord-Fron kommune kan søkje om støtte. Organisasjonane må vere registrerte i Brønnøysundregisteret og ha eit organisasjonsnummer.
Det blir ikkje gitt støtte til kommersielle aktørar eller enkeltpersonar.
Søknadsprosess og behandling av søknader
- Driftsstøtte blir fordelt ein gong i året, og fordelinga blir gjort administrativt.
- Søknaden skal sendast gjennom kommunen sitt elektroniske søknadsskjema innan fristen 1. april.
- Driftsstøtta blir sett saman av ein grunnsum for alle kvalifiserte organisasjonar, samt ein sum per medlem under 20 år og ein redusert sum per medlem over 20 år. Grunnsummen og satsane blir fastsette ut frå søknadsmengde og tilgjengelege midlar kvart år.
- For å sikre at midlane går til aktivitet, ikkje oppbygging av eigenkapital, vil støtte bli avkorta for organisasjonar med høg eigenkapital.
- Det vil bli teke omsyn til avsette, øyremerka midlar dersom organisasjonen kan dokumentere at midlane er knytta til konkrete, realiserbare tiltak.
- Nord-Fron idrettsråd kan koma med uttale til forslag til fordeling av støtte til idrettsorganisasjonar.
- Administrativt vedtak blir lagt fram for formannskapet som referatsak.
Klage på vedtak
Den/dei som er part i ei sak som etter forvaltningslova er definert som eit enkeltvedtak, har rett til å klage på vedtaket. Klage må setjast fram seinast tre veker etter at melding om vedtaket er teke imot.
Søknadsfrist er 1. april!
Søk om driftsstøtte her!
Tildeling av støtte for lokale kulturtiltak
Føremålet med ordninga er å bidra til eit variert og inkluderande kulturliv i Nord-Fron kommune. Ordninga skal støtte initiativ som skaper aktivitet, engasjement og kulturopplevingar for innbyggjarane lokalt, men som fell utanfor dei andre tilskotsordningane på kulturområdet.
Kven kan søkje?
Enkeltpersonar, organisasjonar og kommersielle aktørar kan søkje om tilskot frå ordninga.
Søkjaren må anten vere busett i Nord-Fron eller så skal tiltaket det blir søkt om tilskot til gjennomførast i/omhandle Nord-Fron kommune.
Søkjaren kan ikkje ha motteke tilskot for same tiltak frå andre støtteordningar i Nord-Fron kommune.
Søknadsprosess og behandling av søknader
- Det er løpande søknadsfrist gjennom året, og tildeling av tilskot blir gjort administrativt.
- Søknaden må innehalde ei prosjektbeskriving og eit budsjett som viser finansiering og andre inntektskjelder.
Administrativt vedtak blir lagt fram for formannskapet som referatsak. - Det er mogleg å søkje om underskotsgaranti i staden for direkte tilskot.
- Tilskotsbeløpet vil variere ut frå søknadsmengde og tilgjengelege midlar.
- Tiltak som mottek støtte, skal synleggjere Nord-Fron kommune ved å profilere kommunen i program, på nettsider og i sosiale mediekanalar.
Klage på vedtak
Den/dei som er part i ei sak som etter forvaltningslova er definert som eit enkeltvedtak, har rett til å klage på vedtaket. Klage må setjast fram seinast tre veker etter at melding om vedtaket er teke imot.
Søk om midler til lokale kulturtiltak her
Tildeling av driftsstøtte - kulturvern og kulturbygg/bygdahus
Føremålet med ordninga er å støtte kulturvernorganisasjonar og drift av privateigde kulturbygg/bygdahus. Tilskotsordninga er delt slik:
- Driftstilskot til kulturbygg – støtte til drift av privateigde bygdahus og andre kulturbygg som bidreg til aktivitet og fellesskap i lokalsamfunnet.
- Driftstilskot til kulturvernarbeid – støtte til organisasjonar som arbeider med å ta vare på kulturhistorie og lokal kulturarv.
Kven kan søkje?
Kulturveernorganisasjonar og eigarar av privateigde kulturbygg/bygdahus i Nord-Fron kommune kan søkje om støtte.
Organisasjonane må vere registrerte i Brønnøysundregisteret og ha eit organisasjonsnummer.
Søknadsprosess og behandling av søknader:
- Driftsstøtte blir fordelt ein gong i året, og fordelinga blir gjort administrativt.
- Søknaden skal sendast inn gjennom kommunen sitt elektroniske søknadsskjema innan fristen 1. april. Søkjaren må dokumentere aktivitet siste år gjennom innlevering av årsmelding og rekneskap for førre år
- For å sikre at midlane går til aktivitet, ikkje oppbygging av eigenkapital, vil støtte bli avkorta for organisasjonar med høg eigenkapital.
- Det vil bli teke omsyn til avsette, øyremerka midlar dersom organisasjonen kan dokumentere at midlane er knytta til konkrete, realiserbare tiltak.
- Administrativt vedtak blir lagt fram for formannskapet som referatsak.
Søknader blir vurderte ut frå aktivitetsnivået som går fram av årsmelding og rekneskap.
Klage på vedtak
Den/dei som er part i ei sak som etter forvaltningslova er definert som eit enkeltvedtak, har rett til å klage på vedtaket. Klage må setjast fram seinast tre veker etter at melding om vedtaket er teke imot.
Søk om midler til driftstøtte - kulturvern og kulturbygg/bygdahus her
Tilskott frå Nord-Fron ungdomsråd
Ungdomsrådet kan etter søknad gje økonomisk støtte til aktivitetar for barn og unge.
Søk om tilskott frå Nord-Fron ungdomsråd