Statlege spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Spelemidlar: Statlege tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå speloverskotet til Norsk Tipping. Gjeldande frå og med 15. juni 2026.

Kulturdepartementet deler kvart år ut tilskott av spelemidlane til idrett og fysisk aktivitet, friluftsliv og lokale/regionale kulturbygg.

Idrettslag, andelslag, velforeiningar og andre samanslutningar som ikkje har næring til formål, kan søkja om tilskott.

For den som vil søkje spelemidlar, sjå informasjon, rettleiing og tips i Anleggsregisteret.no

All informasjon kan du også lese på Regjeringa si heimeside.

 

Forskrift 

Tilskot vil følgje Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping (anleggsforskriften). 

Forskrifta inneheld:

1. Generell informasjon

2. Kven som kan søkje

3. Anlegg det kan gis tilskot til mm.

4. Vilkår for tilskot

5. Beregning av tilskot

6. Tilskotssmottakar sine plikter for drift og bruk av anlegg

7. Om saksbehandling, opplysningsplikt

8. Utbetaling, krav til regnskap og kontroll

9. Sanksjonar og klage

 

Søknad

Før spelemiddelsøknad blir oppretta:

 

Fristar

  • Påtenkte prosjekt må meldast kommunen, innan 15. september.
  • Søknadsfrist nye anlegg er 30. september
  • Avslåtte søknadar, men tidlegare godkjente må fornyast/gjentakast innan 15. oktober.

 

Kontakt kommunen

Nord-Fron kommune på E-post: post@nord-fron.kommune.no - Telefon: 61 21 61 00

Egil Tofte på E-post egil.tofte@nord-fron.kommune.no - Telefon: 917 12 155