Vinstra park

Vinstra park vart opna i 2023. Denne parken er meir enn berre eit grønt område; det er eit samlingspunkt for lokalsamfunnet og ein plass som tilbyr noko for alle.

Parken har ei rekke fasilitetar som gjer det til eit populært val for både barn og vaksne. Her finst det ein leikeplass, perfekt for dei små å utforske og ha det gøy. 

I tillegg til leikeplassen, har parken óg eit vannspeil, zipline, pump track og mykje meir. Desse aktivitetane er ikkje berre underhaldande, men bidreg óg til å fremje fysisk aktivitet og sunn livsstil blant brukarane.

“Land; Work III” - blikkfang på Vinstrahallen

Kunstverket “Land; Work III” pryder alle fire sider av Vinstrahallen, og er eit verk av Patrick Huse på over 800 m2 armert PVC-duk. Motiva er henta frå nærområda, kor kunstnar huse sjølv har budd i nærare 40 år - med andre ord både lokal tilknyting og identitet! 

"Det er mange ting man kan si om kunst som har sin forankring i landskap, men en ting som er sikkert er at en dialog med naturen bringer oss selv nærmere oss selv og alt annet organisk."

                                                  - Patrick Huse

Parkscene

Utescene bygd i tre - Klikk for stort bileteScena i Vinstra park Nord-Fron kommune

Eit av høgdepunkta i Vinstra park er parkscena. Denne scenen kan bookast for ulike arrangement og tilstelningar. Enten du planlegg ein konsert, fast trimaktivitet, oppsetting av teaterstykke, eit bryllup eller ein annan høgtid, gir denne scenen eit unikt og minneverdig bakteppe.

Her kan du booke heile parken, eller berre parkscena

Fasiliteter

Vinstra park er godt tilrettelagd med fasilitetar som gjer besøket komfortabelt. Her finn du eit offentleg toalett som er ope heile døgnet – du treng berre leggje eit bankkort mot kortlesaren ved døra for å låse opp, noko som sikrar tilgang også utanom vanlege opningstider.

Parken er universelt utforma og lett å ferdast i, slik at både rullestolbrukarar og barnevogner enkelt kjem seg rundt på området. God belysning og fleire benkar gjer det trygt og triveleg å vere her, også på kveldstid. I tillegg ligg parken tett på butikkar og kaféar i Vinstra sentrum, slik at du har alt du treng innan rekkevidde under besøket.

Vinstra parker eit levande bevis på at offentlege rom kan være stader der folk kjem saman, deler opplevingar og skaper minner. Kom og opplev Vinstra park!