Anbod og innkjøpsavtalar

Nord-Fron kommune har avtaler om innkjøp av varer og/eller tenester frå private leverandørar etter forutgåande anbodskonkurranse.

Innkjøpssamarbeid

Nord-Fron kommune er med i eit innkjøpssamarbeidet med kommunane Ringebu og Sør-Fron. Ein del anbodskonkurranser blir foretatt gjennom innkjøpssamarbeidet. I tillegg kjører Nord-Fron kommune eigne konkurranser.

Kommunane er sjølvstenige rettssubjekt og inngår sine eigne innkjøpsavtalar.

Korleis blir anbodskonkurranser publisert?

Anbodskonkurranser blir i hovudsak lyst ut på den nasjonale kunngjøringsdatabasen for offentlige anskaffelser Doffin.

Korleis søke anbodskonkurranser?

Du kan søke etter offentleg annonserte anbodskonkurranser på Doffin eller via vårt innkjøpssystem.

Korleis søke etter kommunen sine innkjøpsavtaler?

Du kan søke etter innkjøpsavtaler via kommunen sitt innkjøpssystem.