Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-tilskott) blir forvalta av kommunen.
Til grunn for desse tilskottsordningane ligg Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Føremålet med tilskottsordningane går fram av § 1 i Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket: "Formålet med tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut fra regionale og lokale prioriteringer blir stimulert til økt verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdier knyttet til biologisk mangfold, landskap, friluftsliv og kulturminner i skogen blir ivaretatt og videreutviklet."
Tilskottsordningane kan omfatte tilskott til skogkulturarbeid, bygging av skogsvegar, miljøtiltak i skog, driftstilskott til drift med taubanar og hest, utdrift av vyrke til bioenergi og tilskott til tiltak og prosjekt som bidreg til å utvikle skogbruket i ein kommune eller region, når tiltaket eller prosjektet ikkje omfattast av andre etablerte tilskottsordningar i landbruket.
Det skal ikke gis tilskott til bruk av kjemiske middel, kjøp av utstyr eller til tiltak som ved uttak av vyrke gir overskott.
Utfrå NMSK-forskrifta §3 skal det utarbeidast overordna retningsliner for prioritering av søknadar, og dette skal i følgje forskrifta skje i dialog mellom Statsforvalteren, kommunane og næringsorganisasjonane i skogbruket lokalt.
Tiltaksstrategi NMSK, Nord-Fron kommune 2021 (PDF, 390 kB)
Det skal søkjast på eigne søknadsskjema, som du finn hjå Landbruksdirektoratet.