Småvilt kan ein jakte med både hagle og rifle. Jakta kan utøvast av alle som har gyldig jegeravgift og løyve frå grunneigar.
Alle viltartar som ikkje er storvilt, blir rekna som småvilt. Alle jaktbare fuglar og artar som hare, bever, raudrev og mårdyra (unnateke jerv) reknast såleis som småvilt.
Det er berre ein mindre del av småviltartane det er lov å jakte på. For alle jaktbare artar er det fastsett jakttider. Aldersgrensa for å utøve småviltjakt utan tilsynsjeger er 16 år.
Miljødirektoratet; Jakttider 2022 - 2028
Miljødirektoratet; Småviltjakt
Informasjon/søknad om småviltjakt, sjå www.fjellstyrene.no , www.inatur.no, www.ksgrunn.no og www.espedalenbygdealmenning.no
Aktuelle tilbydarar av småviltjakt i Nord-Fron kommune:
Kvikne-Skåbu grunneigarlag v/ Ola K. Aasmundstad, mobil 975 18 854
Kvam grunneigarlag v/ Odd Arne Myromslien, mobil 907 38 172
Sødorp sameige v/ Ola Skoe, mobil 970 90 090
Leinsida grunneigarlag v/ Ola Einar Krok, mobil 901 13 800
Ruste grunneigarlag v/ Signe Bryhn, mobil 414 42 885
Sorperoa jaktforening v/ Knut Kirknes, mobil 957 07 347
Statskog SF, mobil 975 11 080
Espedalen Bygdeallmenning v/ Ole Petter Kleiven, mobil 900 22 318
Fron Fjellstyre v/ Harald Bolstad, mobil 992 75 114