Fast skjenkeløyve

Faste skjenkeløyver kan gis for perioder inntil 4 år, og med opphør seinast 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer.

 

 

Når treng du skjenkeløyve?

Av Alkohollova §8-9 framgår det at:

Det er forbudt​ å drikke eller servere alkohol med mindre det foreligg bevilling til dette, og sjølv om dette skjer utan vederlag:

  1. i lokale der det i tillegg er servering,
  2. i lokale som vanlegvis er alment tilgjengelig for offentligheita,
  3. i forsamlingslokale eller andre felleslokale,
  4. på annan stad der offentlege møter, festar, utstillingar eller andre tilstelningar finn stad,
  5. på gate, torg, veg, i park eller på annan offentleg plass,
  6. på skip, fly, tog, buss eller annan innanriks transportmiddel for ålmenta.

På stader som nemnt i § 8-9 første ledd , må heller ikkje eigar eller annan ansvarleg oppbevare, servere eller tillate servering eller drikking av alkohol, jf. § 8-9 andre ledd.

Endringar som krev ny søknad:

1) virksomheten overdras til ny eigar,
2) virksomheten har utarbeidt nytt driftskonsept med vesentlege endringar,
3) virksomheten flyttar til andre lokaler.

 

Korleis søke?

Søknaden skal sendast på elektronisk skjema. Her finn du søknadsskjema om fast skjenkeløyve.

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes budsjett og finansieringsplan.

Gebyr

Gebyr blir fakturert kvart år ut frå innsendt omsetningsoppgåve.

For meir informasjon: Bevillingsreglement og retningsliner for kontroll med salgs- og skjenkebevillinger (PDF, 532 kB)

 

 

 

 

 

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra