eFaktura

Om du inngår ein avtale om eFaktura får du rekninga rett i nettbanken. For å nytte deg av eFaktura-tenesta må du ha tilgang til nettbank hos din bank.

 

Fordeler med eFaktura:

Du mottar faktura i nettbanken i staden for i postkassa.
Du slepp å taste inn lange KID- og kontonummer når rekninga skal betalast.  Alt er ferdig utfylt.
Det einaste du treng å gjere er å bekrefte betalinga i nettbanken eller via brettbank/mobilbank.
Dersom du ønskjer det, kan du bli varsla på e-post kvar gong ei ny rekning kjem.
Nettbanken har enkel oversikt over rekningar som er betalt og kva som ligg til betaling.

Korleis opprettar eg eFaktura?

Gå inn i mobilbanken eller nettbanken og velg Innstillinger og Betaling. Der må du aktivere valget Tillat eFaktura. Når det er gjort, vil du få eFaktura frå alle betalingsmottakarar som tilbyr det.

Under Betaling og eFaktura kan du velge Avsendere for å sjå kven av dine betalingsmottakarar som tilbyr eFaktura. Her kan du også blokkere mottakarar som du ikkje ønskjer skal sende deg rekninga på eFaktura.

 

Meir informasjon om eFaktura.