Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.
Samfunnsdelen
Samfunnsdelen beskriv kva langsiktige mål kommunen har for samfunnsutviklinga. Samfunnsdelen skal kunne fungere som eit politisk styringsverktøy, og ha tydelege satsingsområde og mål. Måla i samfunnsdelen skal vera styrande for kva andre planar kommunen vel å utarbeida, og skal også vera grunnlag for prioriteringar i årleg rullering av økonomiplanen.
Arealdelen
Arealdelen skal omsetja måla i samfunnsdelen til arealpolitiske verkemiddel og fastsetja rammer for langsiktig arealutvikling i kommunen. Kommuneplanen skal også innehalda ein arealstrategi. Ein arealstrategi skildrar kommunen sine overordna prinsipp for framtidig arealutvikling. Føremålet med arealstrategien er å syne samanhengen mellom framtidig arealbruk og samfunnsutvikling. Arealstrategien vil bli integrert i kommuneplanen sin samfunnsdel for å få tett og god kopling mellom samfunns- og arealdel.
Innspel til kommuneplanen
Innspel – planprogram
I samband med oppstart av kommuneplanarbeidet og utlegging av planprogrammet ynskjer NFK innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er ____________
Alle innspel som kjem inn vil verta lagt fram og vurdert i samband med at planprogrammet skal leggjast fram for politisk godkjenning i desember.
Samfunnsdelen
Kommunestyret vedtok 12.12.24 Kommuneplanens samfunnsdel for 2025 - 2036. Denne beskriv satsingsområde og strategiar for dei neste 12 åra.
Innspel – arealdelen
Parallelt med arbeidet med samfunnsdelen vil det bli arbeidd med kunnskapsgrunnlaget til revisjon av arealdelen. Ny arealstrategi skal utarbeidast i samband med samfunnsdelen, og kommuneplanen sin arealdel vil byggja på føringane i arealstrategien. Fyrst _________, når samfunnsdelen er vedteken, vil det vil bli opna for å koma med innspel til arealdelen.