Mandat

Kommunestyret i Nord-Fron gjorde ei bestilling til administrasjonen i kommunestyresak 087/20  Vedtaket frå saka er mandatet til prosjektgruppa. 

Vedtak frå kommunestyret i sak 087/20 frå møte 27. september 2020:

  1. Kommunestyret ber administrasjonen om å greie ut ei framtidig berekraftig løysing for struktur innafor skule og barnehage, med spesiell vektlegging på økonomi, barnetal og kvalitet i skulen.
     
  2. Med utgangspunkt i vedlagte framskriving av barnetal frå SSB legg administrasjonen fram sak for kommunestyret i løpet av 2021 med alternativ for framtidig struktur innafor skule og barnehage.
     
  3. Det blir sett ned ei administrativ arbeidsgruppe som utarbeider èin prosjektplan med bakgrunn i føringane som er lagt frå kommunestyret, herunder mandat for arbeidet. Ungdomsrådet får to plassar i arbeidsgruppa.
     
  4. Basert på vedlagte skisse skal kommunedirektøren legge fram prosjektplan, endeleg mandat og ei detaljert tidslinje til godkjenning i kommunestyret.

Vedtaket er mandatet til arbeidsgruppa. 

Vidare vel gruppa å ha desse underpunkta for sitt arbeid: 

  • Arbeide fram fleire alternativ til framtidig skolestruktur for Nord-Fron.
  • Arbeidet skal ha eit perspektiv på 30-40 år. Vedlikehald av eksisterande bygg vurdert mot kostnad nybygg i 40 år og alternativ bruk av bygg.
  • Barnehage skal vere del av alternativ eller som sjøvstendig(e) alternativ.
  • Arbeidsgruppa kan hente inn ekstern bistand til å utarbeide delar av skisser, eller til å kvalitetssikre arbeidet som er gjort.
  • Utval for helse- og oppvekst er blir oppdatert på status i arbeidet på alle møter i utvalet.
  • Målet ved oppstart er at alle alternativ skal vera ferdig utreda i 2021.

Andre viktige moment som skal vera ein del av arbeidet: 

  • Pedagogikk
  • Økonomi
  • Barnets beste vurdering
  • Tettstadutvikling «Nord-Fron skal være det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen»