Val av modell
Det har over lang tid vore arbeidd med kunnskapsgrunnlag for ny skulestruktur på Vinstra. Ved val av modell for framtidig skule, legg kommunedirektøren særleg vekt på vurderingane knytt til kvalitet i skulen, dei økonomiske- og samfunnsmessige konsekvensane som er grundig utgreia gjennom administrativ arbeidsgruppe og ved bruk av konsulenttenester gjennom Nordplan.
Med bakgrunn i utgreiingane legg kommunedirektøren fram ei innstilling om ny skulestruktur på Vinstra med 1-10 skule for elevane ved Sødorp skole, Barhaug skole og Vinstra ungdomsskole. Innstillinga byggjer på at 1-10 skule er fordelaktig både pedagogisk og driftsmessig. Vidare at 1-10 skule også er meir økonomisk gunstig enn ei delt løysing, både ved investering og over levetida til bygget.
Det vil truleg vera knytt skepsis til å samle elevar frå 6-16 år i same skule, og argumenta kan vera bygd kring at elevar ikkje får byrje på ny skule etter barneskulen. Desse argumenta er vanskeleg å finne att i forskning eller statistikk knytt til læringsmiljø eller læringsresultat, men kan likevel vere viktige å ta omsyn til ved planlegging av både bygg og uteområde.
Kommunedirektøren vil understreke at samanslåing av tenesteområde er eit arbeid som vil krevje gode involveringar i prosess med tilsette, tillitsvalde og verneombod. Val av modell vil difor vera avgjerande for at kommunedirektøren kan sette i gang det viktige arbeidet knytt til planlegging og prosess med å samle dei tilsette ved Barhaug skole, Sødorp skole og evt. Vinstra ungdomsskole til eit framtidig kollegium. Involvering av andre vil naturleg kome i etterkant av dette.
Val av tomt
Når det gjeld lokasjon for ny skule er det utfordrande for kommunedirektøren å gje ei absolutt og tydeleg tilråding. Kommunedirektøren meiner at den demografiske utviklinga må ligge til grunn for utviklinga av bærekraftige tenester og at dette må sjåast i samanheng.
Samansetninga av innbyggjarar endrar seg med færre barn, fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder, og kvaliteten på tenestene vil av den grunn vera avhengig av korleis arealet blir nytta innafor fleire av tenestene.
Når det gjeld skule, vil dette uansett bli et stort lyft for elevane og tilsette i Nord-Fron kommune. Det vil bli ein god og framtidsretta skule som legg til rette for «framtida sin pedagogikk» og med ei samla kompetanse og leiing som legg alt til rette for gode læringsmiljø og gode læringsresultat. Skulen sin kvalitet og innhald vil i liten grad bli påverka av kva for ein av dei to lokasjonene som blir valt, men av tilgang til tilsette med riktig kompetanse sett opp mot den fulle breidda av utfordringar ein skule skal løyse. Det er heller ingen tydelege fordelar eller ulemper med den eine tomta kontra den andre for uteområdet, så plassering av skulen er eit spørsmål om tettstadsutvikling, arealbruk og korleis skulen si plassering skal sjåast i samanheng med planane, utgreiingane og vedtaka som det blir gjort grei for under.
Samstundes med at kommunedirektøren no kjem med innstilling til framtidig skulestruktur, er det vedteke og igangsett mange parallelle prosessar der rekkefølga kan få konsekvensar som bør sjåast i samanheng:
- Kommunedelplan for Vinstra
- Sektorplan for helse
- Revidering av boligplan
- Vinstra 2046
- Revidering av kommuneplanens samfunnsdel
- Overordna volumstudie og tomteanalyse i sentrumsområde
- Tilstandsvurdering kommunale bygg
I tillegg til dei ovannemnde oppgåvene er det ikkje klart korleis Nord-Fron kommune som vertskommune kan legge best mogleg til rette for framtidige utdanningsløp ved Vinstra vidaregåande skule. Innlandet fylke planlegg for vedtak i oktober 2024.
Etter ei samla heilheitsvurdering kan ikkje kommunedirektøren innstille på kvar 1-10 skule blir bygd med bakgrunn i at det er fleire omsyn som bør takast kring arealbruk og sentrumsutvikling for Vinstra. Det er mange gode argument for å plassere ny skole både der Barhaug skole og Sødorp skole ligg i dag, men mange av argumenta har noko grad av føresetnader som i dag ikkje er vedteke eller iverksett.
Kommunedirektøren innstiller på at saka skal på høyring knytt til val av modell fram til 20.05.24. Forvaltningslova §37 krev høyring, og veileder til denne seier at høyringsfrist normalt skal vere tre måneder og ikkje mindre enn seks veker. Høyringsfristen skal vere tilpassa omfanget av tiltaket og kor viktig det et er.
I høyringa som no blir lagt ut er det berre modell for ny skulestruktur som skal på høyring, og ikkje lokasjon. Kommunedirektøren meiner at Nord-Fron kommune ved å gjera høyringa godt kjent lokalt og direkte kontakte mellom anna FAU ved skular og barnehagar legg opp til ei høyringsfrist som vil vere lang nok med to månader.