Skåbu barnehage

Uteområdet ved Skåbu barnehage med leikeapparat  - Klikk for stort bileteSkåbu barnehage Nord-Fron kommune

Lokalisering og nærmiljø

Skåbu barnehage ligg sentralt til i fjellbygda Skåbu, 850 moh., og har dei varierte naturområda rundt som ein viktig del av identiteten sin. Nærleiken til skog, lysløype, gapahuk og naturleikeplass gir gode moglegheiter for variert leik og aktivitetar gjennom året.

Barnehagen held til i underetasjen på helsehuset og er ein del av Skåbu oppvekst. Plasseringa legg til rette for tett og godt samarbeid med skule og SFO, og vi nyttar fasilitetar som gymsal, symjehall, bibliotek og sløydsal.

Avdeling, kvardag og organisering

Skåbu barnehage er organisert som ei felles avdeling, med fleire mindre rom, tilpassa både små og store barn. Barnehagen har mellom anna eit formingsrom, eit lite kjøkken og ein fast lesekrok som fungerer som barnehagen sitt eige bibliotek. Nord-Fron folkebibliotek kjem jamleg innom og byter ut bøker, noko som gir barna tilgang til eit variert og oppdatert litteraturtilbod.

Garderoben er romsleg og delt inn i fin- og grovgarderobe, og blir ofte nytta som eit aktivt leikeområde. Her får barna høve til både fysisk utfalding og rolegare aktivitetar. Barnehagen har eige spiserom i tillegg til kjøkken, og måltida blir laga i tråd med gjeldande retningslinjer, ofte i samarbeid med barna. Barna har med eigen frukost, medan dei andre måltida varierer mellom buffé og på dekka bord med varme og kalde rettar.

Det store og varierte uteområdet i barnehagen gir gode moglegheiter for leik og aktivitet året rundt.

I tillegg blir nærmiljøet aktivt brukt til turar og utforsking, der barna får erfaringar og opplevingar i autentiske og varierte læringsarenaer.

Visjon og pedagogisk retning

“Der små steg blir store – i leik, undring og fellesskap”

I Skåbu barnehage legg vi vekt på leik, undring og fellesskap i kvardagen. Som ein liten og aldersblanda barnehage skaper vi trygge rammer der barna lærer av kvarandre gjennom leik, utforsking og gode samtalar.

Gjennom måltid og fysisk aktivitet, både ute og inne, får barna oppleve fellesskap, gode samtalar, meistring og rørsleglede, samtidig som dei utviklar både språk, motorikk og sosiale ferdigheiter.

I samarbeid med skule og SFO legg vi til rette for ein heilskapleg og trygg overgang til skulen, slik at kvart barn får eit godt grunnlag for vidare utvikling og livslang læring.


Våre verdiar

Nord-Fron kommune har kjerneverdiane solid, samlande og synleg.
I Skåbu barnehage kjem desse til uttrykk slik:

Solid

Vi har ei stabil personalgruppe med god kontinuitet, som bidreg til tryggleik, føreseielegheit i kvardagen og gode relasjonar for barn og foreldre.
Med små barnegrupper får barna trygg oppfølging og gode rammer for leik, utforsking og undring.
Vi nyttar uteområdet og naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet, og har eit nært og ope samarbeid med foreldre. Gjennom omsorg, leik, læring og refleksjon skaper vi kvalitet i kvardagen.

Små steg – store moglegheiter.

Samlande

Vi legg vekt på fellesskap, inkludering og tilhøyrsle. Barnehagens storleik gir gode vilkår for vennskap og relasjonar på tvers av alder.
Leik, måltid, turar og prosjektarbeid styrkjer samspel mellom barn, foreldre og tilsette. Samarbeidet med skule og SFO bidreg til heilskap og trygge overgangar.

Små steg – saman blir dei store.

Synleg

Vi er synlege gjennom aktiv deltaking i leik og læring i det daglege arbeidet, og ved å vise fram barnas kvardag og utvikling gjennom dokumentasjon og dialog med foreldre, i tråd med barnehagen sitt pedagogiske arbeid.
Barnehagen er ein aktiv del av nærmiljøet, og vi er opne, tilgjengelege og engasjerte – både inne, ute og i samarbeid med andre.

Små steg blir synlege i ein leikande og utforskande kvardag.

Prosjekt leikemiljø

Våren 2024 starta vi med å vidareutvikle leikemiljøet i barnehagen. Prosjektet tek utgangspunkt i barnehagen sine kjerneverdiar solid, samlande og synleg, og har som mål å styrkje leikemiljøet som ein trygg, inkluderande og meiningsfull arena for alle barn.

Vi får rettleiing og støtte frå Styd kommunikasjon, og dei løfter fram følgjande sitat som eit verdigrunnlag for arbeidet:

«Å stole på leiken handlar om å stole på barn.
Stole på at barna veit best sjølve kva som gir meining for dei.
Og i leiken kan barna finne meining.
Det gjeld berre å gi dei moglegheita.»

Arbeidet med leikemiljøet er solid forankra i stabile rammer, med vaksne som er tett på og legg til rette for føreseielegheit og tryggleik i kvardagen. Leikemiljøa er fleksible, har gode møteplassar og tilbyr materiale i passe mengde, slik at barna får rom til å utforske, prøve ut og utvikle leiken over tid.

Arbeidet er samlande ved at leikemiljøet skal gi alle barn moglegheit til deltaking og oppleving av tilhøyrsle. Gjennom leik skaper barna relasjonar, fellesskap og felles erfaringar, på tvers av alder, føresetnader og uttrykk.

Arbeidet er også synleg gjennom vaksne si aktive deltaking i leik, og gjennom refleksjon, dokumentasjon og dialog med foreldre. Slik blir barnas kvardag, utvikling og leik gjort tydeleg, både for barna sjølve, personalet og føresette.

Mål og delmål

Vi ønskjer å skape ein kvardag der barna får tenkje sjølv og saman, der tankar, kjensler og uttrykk får rom i fellesskapet – ein kvardag som gir glede og meining.

Delmål

Barna skal få tenkje, utforske og uttrykkje seg gjennom leik – åleine og saman.
Barna skal oppleve å bli sett, høyrd og inkluderte i fellesskapet.

Årsplan

Her kan du lese årsplan for barnehagane i Nord-Fron kommune.

Her kan du lese årsplan del 2 for Skåbu barnehage (PDF, 6 MB).

Her ser du bilder frå Skåbu barnehage!

Kontakt

Skåbu oppvekst - barnehage
Telefon 61 21 62 74

Styrar

tlf. 46 92 93 30

Avdeling

tlf. 47 68 90 38

Opningstider

Kl. 07.00 - 16.30 kvar dag

 

Adresse

Skåbu oppvekst
Skåbuvegen 2693
Postboks 40
2643 Skåbu

Kart