Barn med nedsett funksjonsevne eller barn med vedtak etter Lov om barneverntjenester har rett på prioritet ved opptak. Vidare blir sosiale eller medisinske årsaker hos barnet/familien etter kriteria for opptak til barnehagen i Nord-Fron vektlagt.
Dersom søknaden er begrunna ut frå ein av desse kriteria, må dokumentasjon gjennom uttale frå relevant faginstans ettersendast pr post innan 3 virkedagar etter innsendt søknad. Relevant faginstans kan til dømes være lege, helsestasjon, barnevern eller flyktningkontoret.
NB! Ingen vedlegg kan lastast opp via det elektroniske søknadsskjema. Vedlegg må ettersendast pr post til Postmottak, Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra eller leverast på Servicetorget merka med «Vedlegg til barnehageopptak» .