Nord-Fron kommune

Er du bekymra for eit barn?

Er du bekymra for eit barn?

Dersom du er bekymra for eit barn vil vi gjerne at du ringer oss: 

  • Alarmtelefon for barn og unge, telefon 1166 111

  • Midt-Gudbrandsdal barneventeneste, ring 61 28 30 00

Du kan vere anonym når du ringer.

Kva er du bekymra for? 

Dette er dei vanlegaste grunnane til at barn, unge eller vaksne tar kontakt med barnevernet:

  • vald eller overgrep mot barn eller mellom føresette
  • problem med rus eller alkohol
  • psykiske problem
  • barn får dårleg omsorg

Kven kan melde frå til barnevernet? 

Alle som er bekymra for eit barn bør ta kontakt med barnevernet. 

Dette er dei som oftast tar kontakt:

  • foreldre eller andre i familien
  • skule eller barnehage
  • helsestasjon, sjukehus eller lege
  • politiet
  • venner eller naboar

Du kan være anonym når du ringer.

Kva skjer når du ringer alarmtelefonen?

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 har laga ein kort film, og skrive kva som skjer når du ringer på www.116111.no:

Er du offentleg tilsett og er bekymra for eit barn eller ein ungdom? 

Om du er offentleg tilsett og bekymra for at eit barn eller ein ungdom er utsett for overgrep, mishandling, eller ikkje får den omsorgen det har krav på er du pliktig til å melde frå til barnevernet. Du kan lese mer om dette på Lovdata.no.

Du kan ringe oss, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema

Du kan også laste ned rettleiaren Frå bekymring til handling (PDF, 909 kB)

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.