Nord-Fron kommune

Oppstart og overgang

Oppstart og overgang

Barnehagestart er ein stor overgang i eit lite barns liv. Det er et skifte frå å ha vore heime med foreldra sine med forutsigbar kvardag, til ein arena med mykje folk og nye rutinar. Små barn treng lang tid på å gjere seg kjent og føle tryggheit.

På bakgrunn av dette ønskjer vi:

  • Å gå bort i frå at tilvenninga til små barn skal vere fastsett til 2-3 dagar. Vi ønskjer at denne tida skal være meir fleksibel ut ifrå barna sine behov.
  • At under tilvenningstida vil foreldra ha ansvar for sitt eige barn, dei skal vere saman med det ved bordet, leike med det og skifte bleier på det. Det er nyttig for at barnet skal bli tryggast mogleg.
  • At kvart barn får sin kontaktperson. For at barn skal få ein trygg tilknyting til ein vaksen, må det fyrst etablere ein nær og omsorgsfull relasjon preget av lydhørhet, nærleik, ømheit, hengivenhet, innlevelse, evne og vilje til samspel. Den vaksne må by på seg sjølv, vere følelsesmessig tilgjengeleg og påkobla.
  • Dersom barnet ikkje finn tryggheit i barnehagen etter oppstart kan vi tilby heimebesøk. Dersom foreldra veit at barnet er sensitiv/utrygg i forhold til nye folk/eller at foreldre av andre årsaker ønskjer det, kan ein avtale heimebesøk før barnehagestart, slik at det fyrste møtet finn stad på den arenaen der barnet er tryggast.
     

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legge til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og andre barn. Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære.

Oppstart i barnehage

Barnehagestart er ein stor overgang i eit lite barn sitt liv. Det er eit skifte frå å ha vore heime med foreldra sine i ein forutsigbar kvardag, til ein arena med mykje folk og nye rutinar.

Små barn treng lang tid på å gjøre seg kjent og føle tryggleik. Hovudoppgåva i barnehagen i oppstarten er å organisere tilvenninga på ein slik måte at barnet kan oppnå ein sekundær tilknyting, det vil si å utvikle ein trygg tilknyting til ein ny vaksen i barnehagen. Personalet må få den nødvendige tida til å lære barnet å kjenne, slik at han eller ho klarer å roe og trøste barnet. Det er utarbeidd ei eige brosjyre om tilvenning i våre barnehagar.

Sjå brosjyre om tilvenning i barnehage (PDF, 197 kB) - denne fins også på arabisk (PDF, 206 kB)

Overgang mellom barnehagar og mellom grupper internt

Med omsyn til overgangar mellom barnehagar og mellom grupper internt i kvar barnehage legg vi vekt på god dialog med foreldre i god tid før overgangen.

Vi tilbyr foreldresamtaler der styrar og /eller pedagogisk leiar frå ny barnehage/gruppe deltek slik at vi sikrar god overføring av informasjon om barnet. Vi legg også til rette for besøk i ny barnehage/gruppe i lag med foreldre og/eller tilsette som kjenner barnet.

Overgang frå barnehage til skule

Dei eldste barna skal få høve til å glede seg til å byrja på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal legge til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gje dei eit godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skulen.

I barnehagen skal barna få allsidige erfaringar som vil liggje i botnen når dei seinare skal tileigne seg fagstoff i skulen. Gjennom heile barnehageløpet blir det jobba tverrfagleg, og læring skjer både gjennom planlagde aktivitetar, kvardagssituasjonar og leik.

I tillegg blir det lagt til rette for aktivitetar som er retta mot sjølve overgangen til skulen. Heile mandatet gjennom heile barnehageløpet, med omsorg, leik, læring og danning der barn si aktive deltaking er særs viktig for korleis barna opplev å vera barn i barnehage og korleis dei opplev at eigne tankar og meingar har verdi. Difor blir omgrep som øving og trening ikkje omgrep som skildrar vår praksis.

Vi legg vekt på:

  • felles opplevingar, samspel, leik og dialog
  • at barna får oppleve ein meiningsfull kvardag her og no med utforsking og nye utfordringar, meistring, fellesskap og glede. Det gir eit godt grunnlag for vidare utvikling.

Det å vera eldst i barnehagen er spesielt og vi ønskjer at dei som gruppe skal kjenne på at dei står på terskelen til noko nytt. Både barnehage og skule meiner det er viktig å arbeide med det sosiale i gruppa slik at alle kjenner seg viktige i gruppa, og at dei kan omgås kvarandre på ein god måte.

I Nord-Fron kommune meiner vi det avgjerande for å skape ein god samanheng at vi får tak i kva/korleis barna oppleve samanheng. Gjennom t.d. barnesamtaler prøver vi å få tak i barna sine tankar kring det å starte på skulen.


Det er utarbeidd ein eigen rutineplan for arbeidet med overgang frå barnehage til skulen. Denne planen er eit vedlegg til årsplanen, og blir oppdatert med datoar og gjort klar i desember kvart år.