Levering og henting

.

Barnehagen er open frå kl. 07.00 til 16.30, måndag til fredag.

Dersom barnet vert levert etter kl. 09.00, skal barnehagen ha beskjed via appen Min Barnehage –Foresatt. 

Vi ber om at fråvær vert registrert i appen før kl. 09.00 same dag. Dette er viktig for at personalet skal kunne planlegge dagen og aktivitetene 
godt.

I barnehager med meir enn ein avdeling samarbeider vi ofte, særleg på morgonen og ettermiddagen.

Om andre enn føresette skal hente barnet, må barnehagen få beskjed om det. Med omsyn til tryggheit skal ikkje barn hentes utan at tilsette er informert.