Sjukdom og medisinering

.

Det er  allmenntilstand som avgjer om barnet kan vere i barnehagen – det er viktig å hugse at det kan være slitsomt for barnet å vere her når allmenntilstanden er dårleg.

Tilsette følgjer råd frå  Folkehelseinstituttet. 
Dersom barnet skal få  medisin i barnehagen, må det fyllast ut et eiget skjema for medisinhandtering.

Vi  ringer føresette om barnet vert sjukt i løpet av dagen, eller om vi er i tvil om allmenntilstanden.

Helseopplysningar før oppstart i barnehagen

ør eit barn begynner i barnehagen, skal foreldra leggje fram ei erklæring om barnet si helse. Formålet er at barnehagen skal få nødvendige opplysningar for å kunne leggje forholda best mogleg til rette for barnet.
Kravet gjeld også dersom barnet byter barnehage. Foreldra skal då levere ei ny helseerklæring til den nye barnehagen.

Slik sender du inn helseerklæringa:
Logg inn i Foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron) og vel Skjema → Helseskjema. 

Les meir om helseopplysningar før barnehageoppstart hos Utdanningsdirektoratet.