Søskenmoderasjon
Søskenmoderasjon blir gjeve med 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3 og vidare.dersom søskena bor fast saman og går i barnehage i same kommune. Søskenmoderasjon gjeld uavhengig av om barna er i ulike eller i same barnehage ( private eller kommunale).
Denne moderasjonen blir gjeve automatisk, du treng ikkje søkje om dette. Det er ein føresetnad at det er same fakturamottakar som er registrert på barna.
Det er ikkje søskenmoderasjon ved tilfeldig kjøp av opphald i barnehagen, eller kostnader knytt til mat.
Søsken defineres som helsøsken og halvsøsken, stesøsken blir ikkje rekna søsken i denne samanhengen. Fosterbarn blir rekna som søsken.
Reduksjon ved låg inntekt
Etter søknad vil det bli gjeve reduksjon i foreldrebetalinga slik at betalinga per barn utgjer maksimalt seks prosent av husholdninga si samla inntekt, dersom:
- maksimalgrensa for foreldrebetaling for eitt barnehageår utgjer meir enn seks prosent av husholdninga si inntekt det siste året eller,
- det er ein varig nedgang i inntekta til hushaldninga i inneværende år som gjer at foreldrebetalinga for eitt barnehageår utgjer meir enn seks prosent av husholdninga si inntekt.
Frå 1. januar 2020 kan familiar med ei samla årsinntekt på under 574 750 kr søkje grunna låg inntekt.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehage
Forskrift om foreldrebetaling i barnehage vart endra i mars 2020 og gir kommunane høve til å hente inntektsopplysningar frå Skatteetaten for å kunne fatte vedtak om moderasjon.
Her kan du lese Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.
Gratis kjernetid
Etter søknad kan det for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skolestart, bli gjeve 20 timer gratis opphaldstid i barnehagen per veke.
Denne gratis kjernetida blir trekt ifrå uavhengig av størrelsen på barnehageplassen til barnet.
Denne retten gjeld frå oppstart av barnehageåret. Det betyr at det gjeld årskulla som har dei fire siste åra i barnehage, i tillegg til barn med utsatt skolestart.
Dette gjeld for hushaldningar med ei samla inntekt på under kr. 548.500 per år.
Frå 1. august 2020 blir inntekstgrensa auka til kr. 566.100