Foreldresamarbeid

Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er viktig for trivsel og utvikling.
Foreldre og personale har felles ansvar for å skape et trygt og inkluderende miljø, og samarbeidet skal bygge på gjensidig tillit og respekt. Mykje av kontakten skjer i kvardagen, ved levering og henting. Disse samtalene gir verdifull innsikt i barnets dag. 
Om det er behov for å ta opp noko privat under henting/levering, vil vi at de avtaler samtale med pedagogisk leder.

Vi tilbyr foreldresamtaler to gonger i løpet av barnehageåret, og foreldremøte kvar haust.
 


Formelle samarbeidsorgan i barnehagen

Foreldreråd

Foreldregruppa er eit eige felles organ, der foreldra kan ta opp og drøfte felles saker. Foreldrerådet er alle foreldra som har barn i barnehagen, og det er foreldra som organiserer dette arbeidet.
 


FAU – foreldrerådets arbeidsutval: 

Det blir valt ut representantar frå foreldrerådet til foreldrerådets arbeidsutval, som fungerar som styringsorgan for foreldrerådet. FAU har som oppgåve å ivareta foreldra si kontakt med barnehagen. To representantar frå FAU sitt i samarbeidsutvalet.
 


SU – Samarbeidsutval:

Utvalet er sett saman av foreldra og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. I og med at våre tre barnehagar er ei felles verksemd er det eitt samarbeidsutval med representantar frå kvar barnehage. Barnehageeigar skal sørgje for å leggje fram aktuelle sakar for samarbeidsutvalet.