Nord-Fron kommune brukar Visma Flyt Barnehage, eit system for kontakt mellom barnehage og føresette.
Barnehagen brukar appen til:
• registrering av barna ved levering og henting
• sending av beskjeder til føresette (enkeltbarn, grupper eller avdelinger)
• registrering av sovetid
• tellelister
• Dagbok
Føresette brukar appen til:
• å sende beskjeder
• å registrere fråvær ved sjukdom eller fri
• å krysse av på løyve
• lese informasjon frå barnehagen (dagbok og beskjeder)
Viktig! Hugs å melde frå dersom de har fått ny kontaktinformasjon etter at de søkte barnehageplass – for eksempel nytt telefonnummer eller e-postadresse. Dette er viktig for at de skal få nødvendig informasjon, og for at vi skal kunne kontakte dykk ved behov.
Pedagogisk leder har, i samarbeid med tilsette på avdelingen, ansvar for skriftlig informasjon til føresette om det pedagogiske arbeidet. Målet er å gje innblikk i barnets kvardag og vise nokre av dei pedagogiske valg og prioriteringer som er gjort.
Informasjonen blir sendt som dagbokoppføringer i appen, og personalet har rutine på å publisere dette minimum 2–3 gonger i veka.
I dagbokoppføringane vil det stå:
• informasjon om dagen
• pågåande prosjekt- eller utviklingsarbeid
• kva barna har vore opptatt av
• refleksjonar og plan for videre arbeid
Min Barnehage-app for foresatte