Oppstart i barnehage
Barnehagestart kan vere ein stor overgang i eit lite barn sitt liv. Det er ofte eit skifte frå å ha vore mest samen med færre i en forutsigbar kvardag, til ein arena med mange folk og nye rutiner.
Små barn kan trenge tid på å gjere seg kjent og føle seg trygg. Barnehagen si hovudoppgåve i oppstarten er å organisere tilvenning slik at barnet kan kjenne trygg tilknyting til nye vaksne i barnehagen. Personalet må få tid til å lære barnet å kjenne, så dei klarer å roe og trøste barnet.
Vi har eigen brosjyre om tilvenning i våre barnehager:
Her kan du lese brosjyre om tilvenning i barnehage (PDF, 769 kB).
Overgang mellom barnehagar og mellom grupper internt.
Vi legg vekt på god dialog med foreldre, og internt i personalet i god tid før overgang mellom avdelinger.
Ved overgang til ny barnehage legg vi til rette for besøk i ny barnehage/gruppe med foreldre og/eller tilsette som kjenner barnet. Ved behov gjennomfører vi samtaler med føresette og tilsette i begge barnehagene.
Overgang frå barnehage til skule
I samarbeid med føresette og skule skal vi sørge for at barna får ein trygg og god overgang til skule. Barna skal oppleve samanheng mellom barnehage og skule, og vi skal legge til rette for at barna har med seg erfaringer og ferdigheiter som gir motivasjon og tru på eigne evner. Barna skal bli kjende med aktiviteter og omgjevnader i skulen og SFO. Barnehagen skal bidra til at dei avsluttar barnehagetida på ein positiv måte og møter skulestart med nysgjerrigheit og tryggleik.
Vi gjennomfører barnesamtaler for å få tak tanker og meininger rundt det å starte på skolen.
Barnehagen overfører informasjon til skulen i samarbeid med føresette. Ved behov blir det gjennomført overgangssamtale med skulen der føresette deltek.
Det er utarbeida ein rutineplan for arbeidet med overgang frå barnehage til skule. Denne er klar før 1.januar det året barnet starter på skulen, og vert sendt ut til alle føresette