Barhaug skole har 150 elevar, 18 lærarar og 8 assistentar.
Visjonen vår er: "Trivsel for alle" Ikkje så mange og vansklege ord - heller tilsynelatande enkel.
Visjon er eit mål som vi skal strekkje oss etter kvar dag.
Dette forpliktar alle på skolen, både vi som jobbar her - dvs. reinhaldarar, vaktmeister, rektor, assistentar, kontorsekretær og lærarar - og alle elevar.
På kvar vår måte må vi arbeide for at alle skal trivast. Dei tilsette må heile tida leggje vekt på å gjera ein god jobb.
All undervisning må vera godt forberedt - og vi må ha aktivitetar i skolekvardagen som fremmar trivsel.
Elevane må gjere sitt beste for å jobbe i timane, gjera skolearbeidet sitt på ein god måte både i timane og heimeleksene. Elevane må vera snille med kvarandre, ingen erting, plaging eller mobbing.
Vi veit at trivsel er eit heilt nødvendig grunnlag for læring.
Viss ein elev eller tilsett på skolen ikkje trivast, så vil det vera eit hinder for god læring.
Kontaktlærarar på Barhaug skole skoleåret 2025 -26