Søskenmoderasjon
Søskenmoderasjon blir gjeve med 50 % for barn nr. 2 og vidare dersom søskena bor fast saman og går på skole i same kommune.
Denne moderasjonen blir gjeve automatisk, du treng ikkje søkje om dette. Det er ein føresetnad at det er same fakturamottakar som er registrert på barna.
Det er ikkje søskenmoderasjon ved tilfeldig kjøp av opphald på SFO.
Søsken defineres som helsøsken og halvsøsken, stesøsken blir ikkje rekna søsken i denne samanhengen. Fosterbarn blir rekna som søsken.
Reduksjon etter 6% regelen
Familiar med ei samla årsinntekt på under 400 833kr, kan søkje om redusert foreldrebetaling for SFO-opphald. Ordninga gjeld for elevar på 1. - 4. trinn som har eit fast SFO-opphald gjennom skoleåret.
Ordninga går ut på at ein familie ikkje skal betale meir enn 6% av samla brutto årsinntekt per SFO-plass.
Foresatte kan sende inn søknad via foresattportalen.
Søknadsfristar og verknadsdato:
Søknadsfrist 1. mai
dersom søknaden blir innvilga, blir verknadsdato frå nytt skoleår.
Søknader som kjem inn etter 1. mai til 31. august;
dersom søknaden blir innvilga, blir verknadsdato frå 1. september.
Søknader som kjem inn etter 31. august;
dersom søknaden blir innvilga, blir verknadsdato frå første heile månad etter søknadstidspunktet.
xxxxx
Reduksjon etter 6%-regelen gjeld for alle elevane i 1. - 4. trinn som har eit fast SFO-opphald og når den samla årsinntekta for familien er under kr 389.950.
For dei familiane som søkjer, skal ingen betale meir enn seks prosent av samla brutto person- og kapitalinntekt per SFO-plass.
Foresatte kan søkje om dette via foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron).
Søknadsfrist 1. mai, for vedtak som skal gjeldefrå oppstart nytt skoleår.
For søknader som kjem etter 1. mai til 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato vere 1. september.
For søknader som kjem inn etter 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato bli påfølgjande heile månad etter søknadstidspunktet.
Her kan du lese Utdanningsdirektoratet sin veileder om moderasjonsordninger i SFO
12 timers gratis SFO
12 timar gratis SFO per veke gjeld for elevar i 1. til 3. trinn som har eit fast SFO-opphald. Denne moderasjonen blir gjeve automatisk, du treng ikkje søkje om dette.
Gratis SFO for barn på 5. - 7. trinn med særskilte behov
For barn med særskilte behov skal tilbodet om SFO vere gratis, jf. forskrift til Opplæringslova. Denne moderasjonen blir gjeve automatisk, du treng ikkje søkje om dette.