Nord-Fron kommune har tilbod om sommar-SFO for elevar som går i 1. - 4.klasse.
Sommaren 2025 vil det vere eit samordna tilbod for alle grunnskoleelevane i 1. – 4. klasse på Sødorp skole i veke 26, 27 og 32,33.
Påmeldingsfrist
Påmeldingsfrist til sommar-SFO er 1. mars. Påmeldinga er bindande og blir fakturert i juni.
Vi gjer merksam på at elevar som skal starte i 1. klasse denne hausten, ikkje kan søkje om sommar-SFO då desse har barnehageplassen sin fram til og med veke 32 (dersom barnehageplassen ikkje er sagt opp innan 1. april).
Korleis skjer påmeldinga?
Føresette til elevar som har eit aktivt ordinært sfo-opphold i 1. - 4. trinn vil i løpet av februar få tilsendt to digitale skjemaer i Visma-appen «Min Skole» eller via e-post.
MERK: det er berre anledning å svare på desse skjemaene ein gong – av ein av de føresette. Det vil si at behovet for sommar-SFO må vere avklart med båe føresette før innsendinga skjer. Dette er særskilt viktig for elevar med delt heim.
Det ene skjemaet vil gjelde for vekene 26 og 27 (dei to første vekene ETTER skoleslutt i juni) og det andre skjemaet for vekene 32 og 33 (dei to siste vekene FØR skolestart i august).
Moderasjon
12 t gratis SFO per veke for 1. – 3. klassingar – denne ordninga gjeld også for sommar-SFO. Kva dette utgjer i kroner kjem fram av prislista. Her ser du pris for opphald på sommar-SFO 2025.
Søskenmoderasjon - det er 50 % på opphaldet for barn nr. 2 og fleire.
Praktisk informasjon
Vi har fokusert på at sommar-SFO skal bli fire artige og aktive veker med mange ulike aktivitetar.
Opningstider
Kvar dag frå klokka 07:00 til 16:30, med kjernetid frå 10:00-14:00.
Mat
Det blir servert lunsj og lett eftasmat kvar dag. Barna må ha med frokost frå heime om dei skal ete denne på SFO.
Klede og utstyr
Barna treng klede og sko for all slags ver. Det er fint om dei har med eit klesskift.