Sommar-SFO

 

Nord-Fron kommune har tilbod om sommar-SFO for elevar som går i 1. - 4.klasse.

Sommaren 2024 vil det vere eit samordna tilbod for alle grunnskoleelevane i 1. – 4. klasse på Barhaug skole i veke 26, 27 og 32,33.

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfrist til sommar-SFO er 1. mai.

Vi gjer merksam på at kommande 1. klassingar denne hausten ikkje kan søkje om sommar-SFO då desse har barnehageplassen sin fram til og med veke 32 (så sant barnehageplassen ikkje er sagt opp innan 1. april).

Søke plass

Foresatte for elever i 1. - 4. trinn vil i løpet av april få tilsendt påmeldingsskjema via e-post og/eller melding i Min Skole-appen.
 

Søskenmoderasjon

Det er 50 % på opphaldet for barn nr. 2 og fleire for sommar-SFO. 

 

Praktisk informasjon

Vi har fokusert på at sommar-SFO skal bli fire artige og aktive veker med mange ulike aktivitetar.

Opningstider

Kvar dag frå klokka 07:00 til 16:30. Vi vil vere mykje på tur, så vi har kjernetid frå 10:00-14:00.

Mat

Det blir servert lunsj og lett eftasmat kvar dag. Barna må ha med frokost frå heime om dei skal ete denne på SFO.

Klede og utstyr

Barna treng klede og sko for all slags ver. Det er fint om dei har med eit klesskift.