Skoleskyss
I tillegg har kommunen eigne retningsliner som gjeld spesifikt i Nord-Fron. Dei kan du lese
her (PDF, 74 kB).
Det er Innlandstrafikk ved Innlandet fylkeskommune som har det administrative ansvaret for planlegging og gjennomføring av skoleskyssen.
Les meir om det her!
Dersom det skjer flytting som medfører behov for/endring i skyss, så må eit nytt søknadsskjema bli fylt ut og sendt til Nord-Fron kommune. Endring i bustadadresse skal registrerast i Folkeregisteret.
Foreldre/føresette kan klage på vedtaket etter reglane i Forvaltningslova § 28. Det vil vere klageadgang både når det gjeld oppmåling, trafikkfarleg veg, og skyssopplegget. Klagefristen er på 3 veker etter vedtaket er gjort kjent.
I løpet av mai må føresette til elevar som treng skyss frå setra komande haust gje melding om dette til skolane (gjeld vanlegvis frå skolestart til medio september). Det er Innlandstrafikk som koordinerer denne skyssen.