Dei vanlegaste avgiftene er:
- Vatn – fast gebyr og forbruksgebyr for vatn
- Avløp – gebyr for avløp og kloakk
- Renovasjon – henting av hushaldningsavfall
- Slamtømming (septik) – tømming av slamavskiljar, tett tank eller minireinseanlegg for eigedomar utan offentleg avløp
- Feiing og tilsyn – feiing av piper og tilsyn med fyringsanlegg
- Eigedomsskatt – skatt på faste eigedomar i kommunen
Du finn oversikt over dine eigne abonnement ved å logge inn på Min Eigedom, eller på faktura frå kommunen.
Feiing og tilsyn
Feie- og tilsynsgebyret dekkjer feiing av piper og tilsyn med fyringsanlegget ditt. Tenesta blir utført av Midt-Gudbrandsdal brannvesen.
Eigedomsskatt
Nord-Fron kommune skriv ut eigedomsskatt på faste eigedomar. Nokre eigedomar kan vere heilt eller delvis fritekne, og i særlege tilfelle kan skatten setjast ned.
Eigedomar som alltid er fritekne (§ 5) Nokre eigedomar er fritekne direkte etter lova, til dømes statlege og kommunale eigedomar, jord- og skogbrukseigedomar og landbruksbygg. Dette treng du ikkje søkje om.
Fritak som kommunestyret vedtek (§ 7) Kommunestyret kan gje fritak til eigedomar som er eigde av allmennyttige stiftingar og institusjonar, og til freda bygningar med historisk verdi.
Nedsetjing i særlege tilfelle (§ 28) Er det særs urimeleg å krevje inn skatten, til dømes ved vanskeleg økonomi, alvorleg sjukdom, brann eller skade på eigedomen, kan du søkje om å få skatten sett ned eller ettergjeven. Kommunen vurderer kvar søknad individuelt, og eit fritak gjeld for eitt år om gongen.
Kva ansvar har du som eigar?
Nokre ting er eigaren (hjemmelshavar) sitt eige ansvar, og gjev normalt ikkje grunnlag for fritak eller reduksjon i gebyr:
- Private avløpsanlegg – slamavskiljar, tett tank og minireinseanlegg er privat eigedom. Kommunen står for sjølve tømminga, men ikkje for tilstanden på anlegget.
- Vassmålar – vassmålaren tilhøyrer kommunen, og det årlege leigegebyret dekkjer mellom anna kontroll, vedlikehald og utskifting. Har du mistanke om feil på målaren, ta kontakt med kommunen før du gjer noko sjølv, så avtaler vi korleis feilen skal rettast.