Vi veit at aktivitet, fellesskap og meining er avgjerande for god livskvalitet – heile livet. Difor har vi samla eit breitt spekter av tilbod som kan bidra til både fysisk og psykisk helse for seniorar i Nord-Fron.
📘 Les aktivitetsheftet her (PDF, 6 MB)
Gjer noko aktivt
Fysisk aktivitet gir betre overskot, betre søvn og meir energi i kvardagen. I Nord-Fron finn du mellom anna:
- Stolpejakt
- Bassengtrening
- Sterk og stødig
- Frisklivssentralen
- Dans, trimgrupper og turgrupper
- Hallmaraton og friluftstrim
Det finst tilbod både for deg som er godt i gang – og for deg som ønskjer å starte forsiktig.
Gjer noko saman

Å vere del av eit fellesskap styrkjer den psykiske helsa. I aktivitetsheftet finn du oversikt over sosiale møteplassar og lag som:
- Frivilligsentralen
- Dugurdstreff og fredagstreff
- Pensjonistforbundet
- Historielag og husflidslag
- Kor, korps og musikklag
- Besøksvenn og lesevenn
I fellesskap blir kvardagen rikare – og litt lettare.
Gjer noko meiningsfullt
Å bidra for andre eller engasjere seg i noko ein brenn for, gir meining. Du kan til dømes:
- Vere frivillig instruktør
- Bli besøksvenn
- Delta i frivillig arbeid
- Engasjere deg i lag og foreiningar
Nord-Fron har sterke frivillige miljø – og det er plass til fleire.