Brukermedvirkning i arbeidet om Nye Sundheim

Tysdag 5. mai var tilsette, pårørande og fleire fagmiljø samla i kommunestyresalen for å bidra med innspel til korleis Nye Sundheim kan utformast for å møte framtidas omsorgsbehov i Nord-Fron.

Nye Sundheim

Arbeidet med Nye Sundheim er godt i gang, og førre tysdag vart det gjennomført eit større brukarmedverkningsmøte i kommunestyresalen på kommunehuset. Målet med møtet var å hente inn erfaringar, behov og idear frå dei som kjenner tenestene best i kvardagen.

Prosessen vart leia av Line Juul og Thomas Schindler frå Asplan Viak, med bistand frå prosjektleiar for Nye Sundheim i Nord-Fron kommune, Marthe Iversen.

Deltakarane representerte både interne og eksterne tenester knytt til Sundheim, mellom anna heimeteneste, kjøkken, Sundtunet, ergo- og fysioterapitenesta, tillitsvalde og pårørande.

Nye Sundheim

Gjennom workshop og gruppearbeid fekk deltakarane arbeide med forslag til korleis framtidas Sundheim kan organiserast og utformast. Engasjementet var stort gjennom heile dagen.

– Det har vore svært høgt engasjement i alle gruppene, med mange gode innspel som vi tek med oss vidare i arbeidet, seier Line Juul i Asplan Viak.

Brukarmedverkningsmøtet er eitt av fleire treffpunkt i prosessen framover. Innspela frå møtet skal vere med å danne grunnlaget for vidare skissearbeid og utvikling av Nye Sundheim.

Nye Sundheim

Prosjektet Nye Sundheim skal bidra til å møte omsorgsbehova i Nord-Fron fram mot 2040, og omfattar planlegging av eit framtidsretta og moderne omsorgsbygg med 78 institusjonsplassar og 30 omsorgsbustader. Målet er betre samhandling, meir fleksibel drift og gode løysingar for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Det vil vere fleire involveringsmøte og arbeidsprosessar utover året. Målet er å ha eit ferdig skisseforslag klart til politisk behandling i løpet av hausten.

Les meir om prosjektet Nye Sundheim her