Egenberedskapsveka 2025 - er du budd på det uventa? Eit straumbrot. Stengde vegar. Telefoni som fell ut. Vi har dei siste åra opplevd kor sårbare vi kan vere for naturhendingar og tekniske utfordringar. Då er det viktig å vere førebudd.Under Egenberedskapsveka 2025, som går av stabelen 27. oktober til 2. november, vil Nord-Fron kommune rette merksemda mot korleis du kan styrkje din eigen beredskap. Målet er å gjere det enklare for innbyggjarar å vere rusta til å takle ulike typar kriser.Har du oversikt over kva du bør ha i ditt eigenberedskapslager? Daniel Fatnes / DSB Eigenberedskap handlar rett og slett om å vere i stand til å klare seg sjølv og ta vare på dei rundt seg i minst tre døgn dersom noko skulle skje. Dersom fleire er godt budde, kan ressursane i kommunen brukast der dei trengst aller mest.Følg med kvar dagUnder Egenberedskapsveka deler vi nyttige tips og råd om eigenberedskap på heimesida vår. Desse tipsa er allereie tilgjengelege, og du finn dei her.Følgjer du oss på Facebook eller Instagram, får du påminningar der gjennom heile veka. Råda er baserte på nasjonale tilrådingar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og hjelper deg å vere betre budd på det uventa.Utstilling på biblioteketI tillegg inviterer vi deg til å ta turen innom Nord-Fron bibliotek. Der vil det heile veka vere ei utstilling som viser kva eit godt eigenberedskapslager kan innehalde. Dette er ei fin moglegheit til å sjå med eigne auge kva du bør ha i hus dersom noko skjer.Sjå filmen frå DSBVil du ha eit kjapt overblikk? DSB har laga ein kortfilm som gjev deg dei viktigaste råda for eigenberedskap på to minutt. Ta eigenberedskapen på alvor. Det treng ikkje vere vanskeleg – og det kan gjere ein stor forskjell når det verkeleg gjeld. Publisert 27.10.2025 08.58 Sist endra 27.10.2025 09.02