Er du hytteeigar i Nord-Fron og har haustferie?

Er du på hytta di i haustferien, har vassmålar og  er usikker på om du kjem på hytta att meir før jul.

Då kan det vere lurt å ta bilde av vassmålaren no, slik at du har tala du skal skrive når du får sms/avlesningskort. 

Det blir sendt ut sms i midten/slutten av oktober til alle innbyggjarar og hytteeigarar der vassmålarstanden skal registrerast via sms.

Får du ikkje lese av målaren din før siste frist som er 1. desember vil du bli stipulert ut frå tidlegare års forbruk.

Det er viktig å lage seg ei rutine på å lese av målaren på hausten. Slik at du har det klart til sms/avlesningskort kjem. Slik er ein sikker på å få registrert avlesinga kvart år. Blir det stipulert mange år på rad, tek kommunen kontakt og ønskjer å kome og lese av målaren i løpet av året. Dette kostar kr. 500,-.

Svar på sms' en kan berre skje i perioda som står i sms. Alle svar etter denne perioda blir ikkje registrert i systemet. Forbruket blir dermed stipulert. Det blir sendt ut sms, purring sms og avlesningskort.