Fastlegar som sluttar og nye som startar
Ved Vinstra legekontor sluttar to fastlegar i slutten av august og ein fastlege 1. oktober.
Vinstra legekontor
Nord-Fron kommune
Fleire som har fastlege på Vinstra legekontor vil difor få brev frå Helfo der det blir informert om kven som er din nye fastlege.
Det kan hende at din nye fastlege ønskjer deg inn på ein legetime for samtale, gjennomgang av helsetilstand og for å fornye reseptar.
Andriy Vorotnyak og Øyvind Sletten har siste arbeidsdag 29. august. Pernille Hagen startar opp som fastlege frå 1. september d.å.
Frå 1. oktober startar Ifran Hanbali som fast tilsett. Han tek over lista til Nærby.
Publisert 18.08.2025 14.10
Sist endra 18.08.2025 14.11