Fjellnettverket søkjer gardsbruk

Kyr på fjellbeite - Klikk for stort bilete Ingebjørg Jenssveen

Fjellnettverket søkjer gardsbruk som har lyst til å vere med i prøveprosjekt!

Nye reisevanar

Nye reisevanar gjer at folk ynskjer seg nye tilbod. Slik trendane ser ut i dag, blir det stadig fleire som vil oppleve det autentiske, og som vil ha opplevingar utanfor allfarveg. 

På Færøyene finst det ei ordning som kallast for Heimablidni, der gardsbruk kan tilby matservering frå eige kjøkken. Gjestene som besøker ei Heimablidni-verksemd får oppleve lokal færøysk mat og gjestfridom i ein færøysk heim. Ordninga bidrar til at fleire færøyske verksemder får del i den stadig veksande turismen i landet. 

Mat og opplevingar i fjellet - pilotprosjekt

Fjellnettverket ynskjer å sjå nærmare på om dette kan være ei ordning som kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Og som ein del av arbeidet med prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» ynskjer  me å sette i gang ein pilot der me testar ut ordninga samen med nokre verksemder. 

 

Fjellnettverket sine ynskjer for aktuelle gardsbruk

Fjellnettverket ynskjer seg:
•    2-3 gardsbruk frå kvart fylke (viss interessa blir veldig stor så diskutrerar me talet på verksemder).
•    at serveringsaktiviteten som startar opp har utgangspunkt i et gardsbruk 
•    at maten lagast i eige (hushaldets) kjøken og serverast i eige (hushaldets) kjøken/stue (dette kan diskuterast, det
      viktigaste er at me finn nokon som har lyst til å vere med å teste ut konseptet) 
•    at eigne eller lokale produkt er utgangspunkt for menyen

Det er fordel om verksemdene driv produksjon av eigne lokalmatprodukt som kan brukast i serveringa. 

Fjellnettverket søkjer verksemder som: 
•    er engasjerte, interesserte og har lyst til prøve ut eit nytt konsept 
•    er villige til å gå gjennom søknadsprosess med Mattilsynet og kommunen (søke om skjenkeløyve, gjennomføre
      etablererprøve og serveringsløyve). Verksemdene som deltar, vil få hjelp til dette gjennom prosjektet). 
•    har moglegheit til å delta på kurs om mattryggleik. 

Prosjektet vil bidra i arbeidet med marknadsføring av ordninga og verksemdene som testar ut konseptet. 

Ta kontakt med: Fjellnettverket v/ prosjektleder Elin Halland Simensen, telefon 995 94 922, epost: elinsi@viken.no

Link til Fjellnettverket si heimeside: www.fjellnettverket.no