Flytte på hytta?

IllustrasjonsfotoNord-Fron kommune får i dag mange spørsmål om å flytte på hytta. I gjeldande kommuneplan har kommunen tydelege reglar for kva som skal til for å få løyve til ei bruksendring frå fritidsbolig til bolighus.

Følgjande krav må vere oppfylt:

Det må vere innlagt vatn og avløp, anten via kommunalt leidningsnett eller via godkjend privat anlegg.

Eigedomen skal ha vinterbrøytt veg, og eigar skal sørgje for at det er framkommeleg til huset, eksempelvis brøytt og strøydd når det er behov for det.

Bygget skal tilfredsstille gjeldande krav i Byggteknisk forskrift (TEK). Tiltakshavar skal nytte fagleg bistand, og levere rapport frå denne om byggets tilstand ut frå krava i gjeldande TEK til kommunen saman med søknad om bruksendring:

  • Kravet om tilgjengelig bueining.
  • Bueiniga skal ha minst eit bad og toalett. Størrelse og planløysing skal være slik at det er fri golvplass til en snusirkel med diameter på minimum 1,5 m framfor toalett, minimum 0,9 m fri golvplass på den eine sida av toalettet og minimum 0,2 m på den andre sida. Det skal vere fri passasjebreidde på 0,9 m fram til fri plass ved sida av toalett. Det skal være muligheit for trinnfri dusjsone. Vegg i dusj og toalettsone skal gi festemuligheit for ettermontering av nødvendig utstyr.
  • Bueining skal ha ventilasjon som sikrar en gjennomsnittlig frisklufttilførsel på minimum 1,2 m3 pr. time pr. m2 golvareal når romma eller bueininga er i bruk og minimum 0,7 m3 pr. time pr. m2golvareal når romma eller bueininga ikkje er i bruk. Soverom skal tilførast minimum 26 m3 friskluft pr. time pr. sengeplass når rommet eller bueininga er i bruk.
  • Kjøkken, sanitærrom og våtrom skal ha avtrekk med tilfredsstillande effektivitet.
  • Bueininga skal ha skorstein.
  • Det kan etter nærare grunngjeve søknad gis dispensasjon frå følgjande krav:
  • Krava til energieffektivitet for bustadhus, føresett at fritidsbustaden er mellom 70 – 150 m2. Er fritidsbustaden under 70 m2, skal den uansett tilfredsstille krava til energieffektivitet for fritidsbustader mellom 70 – 150 m2 for at bruksendring kan tillates.
  •  Kravet til installasjon av balansert ventilasjon.

Det skal meldast flytting via Folkeregisteret til ny godkjend bustad, etter at det er gitt løyve til bruksendring frå fritidsbustad.

Det blir innvilga gratis skuleskyss etter søknad ut frå gjeldande reglar. Minsteavstand mellom bustad og opplæringsstad tek ikkje sikte på å imøtekomme eit absolutt krav om transport frå dør til dør. Det blir kravd at eleven går fram til næraste haldeplass. Som rimeleg gangavstand til haldeplass reknast f.t. 1 km for 1. kl., 2 km for 2. – 10. klasse.

Søknadsprosess:

Det skal sendast inn ein grunngitt søknad kor det kjem fram at det blir søkt om dispensasjon etter plan- og bygningsloven § 19-1 for bruksendring frå fritidsbolig til bolighus.

Skjemaet «søknad om tillatelse til tiltak» skal fyllast ut. I dei tilfelle det må gjerast tiltak ihht utarbeidt rapport skal også ansvarleg søkjar og utførande levere inn sine ansvarsrettar og gjennomføringsplan. 

Aktuelle naboer skal varslast om at det blir søkt om dispensasjon for bruksendring, samt eventuelle endringar av bygningsmassen. Kvittering for nabovarsel skal leggast ved søknaden.

Planteikningar, situasjonkart og andre relevante skisser skal leggast ved.

Søknaden blir behandla i utval for miljø, landbruk og areal (MLA). Utvalet har møte ein gong i månaden. Det kostar ca. kr. 11 500,- uansett utfall i saka. Vidare blir saka oversendt til berørte og overordna myndigheiter i minimum 30 dager for uttale. Dersom det ikkje har kome inn nokon vesentlege merknader i samband med høyringa vil det bli fatta endeleg vedtak i saka.

Søknaden skal sendast til post@nord-fron.kommune.no

Spørsmål knytta til bruksendring kan rettast til kommunens byggesaksavdeling.