Vi lever i ei tid der skjermen alltid er nær. Til saman kan det bli mange år av livet brukt på scrolling. Men kva gjer dette eigentleg med oss?
Ole Petter Hjelle er lege, hjerneforskar, bestseljande forfattar og ein engasjerande foredragshaldar. Han tek publikum med inn i hjernen og forklarer kva som skjer når vi stadig er pålogga.

Gjennom foredraget «Det digitale dopet» får du:
- Innsikt i korleis teknologi påverkar hjernen
- Kunnskap om vanar og avhengigheit
- Refleksjon rundt korleis vi lever liva våre i ein digital kvardag
Foredraget er for alle som ønskjer å forstå meir av kvardagen vi står i – enten du er ungdom, føresett eller berre nysgjerrig på korleis teknologi formar livet vårt.
Tid og stad
Dato: 13. april
Tid: kl. 19:00
Stad: Inntunet / aulaen, Vinstra vidaregåande skule
Praktisk informasjon
Billett: 100 kroner
Kjøp her!