Forslag om ny løysing for Nye Sundheim går vidare

Kommunedirektør Elin Sofie Fjeldberg tilrår at kommunen arbeider vidare med ei løysing som inneber størst grad av nybygg for Nye Sundheim. Valet av alternativ byggjer på den overordna planen for sektor helse 2024–2040 og på eit omfattande arbeid der tilsette, tillitsvalde, fagmiljø og brukarar har vurdert ulike alternativ opp mot måla for Nye Sundheim. No er saka sendt ut til politisk behandling, og kommunestyret skal 3. september ta stilling til om dei sluttar seg til kommunedirektøren si tilråding. Det er eit retningsval i ei tidleg fase – kva som skal byggjast og meir nøyaktig kostnadsbilete, blir avklart i prosjektets neste fase. 

Nord-Fron kommune har arbeidd med ei framtidsretta løysing som møter behova kommunen vil møte fram mot 2040. Grunnlaget er den overordna planen for sektor helse  2024–2040, som kommunestyret vedtok i oktober 2024. Som ein del av dette arbeidet er det gjennomført ein moglegheitsstudie for Nye Sundheim.

Arbeidet har skjedd i fleire fasar. Det er utarbeidd og vurdert tre ulike alternativ, og tilsette, tillitsvalde, fagmiljø og brukarar har vore involverte i vurderingane. Dei har mellom anna sett på korleis alternativa fungerer for bebuarar, brukarar og pårørande, og kva løysingar som gir best grunnlag for gode tenester, arbeidsmiljø og drift.

Les meir om prosjektet Nye Sundheim her!
 

Styringsgruppa har no konkludert med at alternativ 3 samla sett gir den beste løysinga. Dette alternativet inneber størst grad av nybygg. Kommunedirektøren støttar tilrådinga og byggjer vurderinga si på arbeidet som er gjort av dei som kjenner tenestene, behova og kvardagen på Nye Sundheim best.
 

“Eg er glad for at styringsgruppa har landa på eit tydeleg alternativ etter ein grundig og breitt forankra prosess. Som kommunedirektør støttar eg meg på vurderingane til dei tilsette, brukarane, tillitsvalde og fagmiljøa når eg tilrår alternativ 3”, seier kommunedirektøren. 

Dei tre alternativa

Alternativ 1 – mest gjenbruk
Brukar mest av dagens bygg og krev minst nybygg. Det gir lågast kostnad og klimautslepp, men også lengre avstandar, meir krevjande logistikk og mindre fleksibilitet. Legger beslag på størst areal. Alternativet er vurdert som minst tilpassa personar med demens. Måloppnåelse 53%.

Alternativ 2 – nytt og eksisterande i kombinasjon
Kombinerer nybygg med ombygging og vidare bruk av delar av dagens bygg. Her får ein betre logistikk, større fleksibilitet og gode løysingar for personar med demens.  Men svarer ikkje ut målsettinga  for prosjektet like godt som alternativ 3. Legger også beslag på mye areal. Måloppnåelse 78%.

Alternativ 3 – mest nybygg
Samlar alle omsorgsbustadene i eitt nytt bygg. Det gir korte avstandar, like bogrupper og gode moglegheiter for fleksibel drift. Alternativet er vurdert som best for demensomsorg og framtidig bruk, men kostar mest og gir størst klimautslepp i byggefasen. Legger beslag på minst areal. Måloppnåelse 96%.

Dei tilsette peikar tydeleg på alternativ 3

Tilsette, tillitsvalde og fagmiljø har vore involverte i arbeidet med dei tre alternativa. Gjennom denne prosessen har dei vurdert kor godt alternativa svarer på dei seks effektmåla for Nye Sundheim. 

Vurderingane har mellom anna handla om kvaliteten på tenestene, arbeidsmiljø, demensvennlege løysingar, logistikk, fleksibilitet, klima og framtidig drift. På denne måten har kommunen fått fram både faglege og praktiske erfaringar frå dei som skal bruke bygga og løysingane i kvardagen.

Evalueringa viser ei tydeleg retning. Alternativ 3 får ei samla måloppnåing på 96 prosent, medan alternativ 2 får 78 prosent. Alternativ 1 får 53 prosent.

Alternativ 3 inneber størst grad av nybygg. Løysinga gir mellom anna korte avstandar, like bogrupper og gode føresetnader for effektiv arbeidsflyt og fleksibel bruk av personell. Omsorgsbustadene blir samla i eitt bygg nær basen for heimetenesta.

Fagmiljøet innan demensomsorga peikar særleg på god oversikt, moglegheiter for skjerming og gode vandreruter. Dette er viktig fordi fleire av dei som vil ha behov for institusjonsplass i framtida, vil ha demens eller kognitiv svikt.

Eit retningsval – ikkje eit endeleg byggevedtak

Saka som kommunestyret skal behandle 3. september, er ikkje eit endeleg vedtak om å byggje Nye Sundheim slik alternativ 3 ser ut i dag.

Kommunestyret skal heller ikkje velje mellom dei tre alternativa. Det dei skal ta stilling til, er om dei sluttar seg til kommunedirektøren si tilråding om å leggje alternativ 3 til grunn for det vidare arbeidet. 

Her skal kommunen saman med rådgivarane arbeide vidare med mellom anna arealbruk, funksjonar, logistikk, klima- og miljøløysingar, kostnader og framtidige driftsutgifter. Tilsette og brukarar skal også involverast vidare gjennom nye rundar med brukarmedverknad.

Skisseprosjektet skal dermed gi eit langt betre grunnlag for å avgjere både kva som skal byggjast, korleis løysingane skal utformast og kva prosjektet vil koste.

Eit tidleg kostnadsanslag

Den førebels netto investeringskostnaden for alternativ 3 er anslått til om lag 350–400 millionar kroner. Netto investeringskostnad er den delen av investeringa kommunen sjølv må finansiere etter at meirverdiavgiftskompensasjon og investeringstilskot frå Husbanken er trekte frå. Anslaget føreset òg at omsorgsbustadene i hovudsak er sjølvfinansierande gjennom husleigeinntekter.

Dette er eit svært grovt kostnadsanslag frå ein tidleg fase, og det er framleis stor uvisse knytt til summen. I kalkylen er det lagt inn 30 prosent til usikre kostnader. Ei viktig oppgåve i skisseprosjektet blir derfor å optimalisere prosjektet og kvalitetssikre både omfang, løysingar og kostnader.

I tillegg kan tilskot til delar av fellesareala, eventuelle tilskot frå Enova og gunstige finansieringsordningar knytte til miljøprofilen i prosjektet redusere kostnaden for kommunen ytterlegare. Den endelege netto investeringskostnaden vil avhenge av tilskot, finansiering og dei endelege løysingane.

Først etter skisseprosjektet og det påfølgjande forprosjektet vil kommunen ha eit vesentleg sikrare grunnlag for å vurdere den endelege kostnaden.
 

Skal møte behova fram mot 2040

Nye Sundheim er ein del av den langsiktige omstillinga av helse- og omsorgstenestene i Nord-Fron. Fram mot 2040 blir det fleire eldre samtidig som kommunen må rekne med færre yrkesaktive per eldre innbyggjar.

Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunen skal planleggje for samla institusjonsplassar under same tak på Sundheim. Samtidig skal kommunen satse meir på heimebasert omsorg og etablere nye, universelt utforma omsorgsbustader nær heimetenesta.

Målet med Nye Sundheim er derfor ikkje berre nye bygg. Det handlar om å leggje til rette for god samhandling, ein betre arbeidskvardag for dei tilsette og gode og trygge tenester for innbyggjarane – også i framtida.