I Nord-Fron starta dagen ved Gudbrandsdal Krigsminnesamling på Kvam, der mange tok turen innom både utstillingane og fekk servering før programmet heldt fram vidare utover dagen.
Erik Tøftestuen
Ved Kvam kyrkje heldt ordførar Anne-Marie Olstad tale, før det vart lagt ned blomar ved
minnelunden over britiske soldatar og minnesteinen over Asbjørn Solberg. Representantar frå Forsvaret deltok også under markeringa.
Avduka ny minnestein i Kvam fredspark
Kaptein Per Gunnar Hagelien frå Heimevernet ved avduking av minnesteinen i Kvam fredspark.
Erik Tøftestuen
Eit av dei mest sentrale og sterke augneblikka under årets markering var avdukinga av den nye minnesteinen i Kvam fredspark.
Minnesteinen er reist som ei anerkjenning av den militære og sivile motstanden under krigsåra 1940–1945, og heidrar innsatsen til alle som kjempa for fridom og demokrati.
Under seremonien vart det lagt ned blomar både ved minnesteinen over falne gudbrandsdølar og ved minnesteinen over sivile falne dølar. Mange møtte fram for å vere med på den høgtidelege markeringa, mellom anna barn frå Kvam barnehage.
Markering ved Sødorp kyrkje
Erik Tøftestuen
Vidare vart det halde tale og lagt ned blomar på gravene til Ole Heimstad og Tor Sæthersmoen ved Sødorp kyrkje. Mange hadde møtt opp, også her, mellom anna to skuleklasser frå Barhaug skole.
Dagen heldt fram med Hillingenmarsjen, ein tur som heidrar dei tre som vart drepne i trefningar på Hillingen.
Dagen held fram med fleire markeringar i både Sør-Fron og Ringebu.
Gjennom dagen vart det sett fokus på både historia, frigjeringa i 1945 og innsatsen til veteranar i nyare tid.
Bildeserie frå dagen
I bildeserien under kan du sjå glimt frå markeringa i Nord-Fron.