Gamle og farlege gjerde på landbrukseigedomar - informasjon om 3-årig gjerdeprosjekt

I Nord-Fron kommune fins det som i dei fleste andre kommunar farlege gjerde, inkludert laus piggtråd, nedgrodde gjerde, doble gjerde osv.  Slike gjerde utgjer ei fare for både husdyr og anna vilt.

Utsnitt av piggtrådgjerde - Klikk for stort biletePiggtrådgjerde kan utgjere ei fare for husdyr og anna vilt (Pixabay)

Nord-Fron er ein vesentleg beitekommune med mykje husdyrhald og utmarksbeite er ein særs viktig ressurs. Det blir sleppt totalt omlag 15.000 søyer og lam, 400 geit og 1700 storfe på utmarksbeite.

Den generelle trenden er at det blir stadig færre aktive gardbrukarar. Dette har ein forsterkande effekt når det gjeld problemstillinga med dårlege gjerde, da det blir mindre interesse for å syte for å halde gjerda i god stand. Særleg er det eit problem med nedprioritering av gjerde på leigd areal. Det er også ein god del gjerde i utmark etter tidlegare beitebruk som ikkje er vedlikehalde og slik sett ei fare for beitedyr og anna vilt

Nord-Fron kommune er løyvd tilskott med kr 200.000 til prosjektet frå Bondelaget og Gjensidiges berekraftfond.

Retningsliner og vilkår for gjerdeprosjektet er utarbeidd av landbrukskontoret i Nord-Fron kommune i samarbeid med faglaga i kommunen dvs. Nord-Fron Bondelag, Kvikne Bondelag, Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag og Nord-Fron Sau og Geit, og vedteke av utval for miljø, landbruk og areal.

Etter avtale med Midt-Gudbrandsdal renovasjonsselskap kan innlevering av gjerdemateriell gjerast til miljøstasjonane i Kvam og på Vinstra.

Link til
-    Retningsliner og vilkår for 3-årig gjerdeprosjekt i Nord-Fron kommune 2024-2026 (PDF, 212 kB) (sjå vedlegg)
-    Vedtak MLA Dokument 24/2189 - Retningsliner og vilkår for 3-årig gjerdeprosjekt i Nord-Fron kommune 2024-2026 - Nord-Fron kommune