Gode erfaringar med bruk av digital medisindispenser

Både Magnhild, Reidar og Arve Inge er godt nøgde med sine digitale medisindispensarar. Det er fint å kunne håndtere medisineringa sjølv.

Magnhild framfor digital medisindispenser

Fornøgde brukarar

-    Dette er lettvindt, og eg høyrer godt maskina varsle meg seier Magnhild Karlsrud. Ho bur heime åleine i Ruste og starta med digital medisindispenser i mars i år.
- Eg var litt nervøs og spent i starten, men eg synest dette fungerer veldig bra. Det lyser grønt på medisindispensaren når tida er inne for å ta medisinen; i tillegg seier ei stemme i frå om at eg må ta den. 
 

Dottera - Eva Karlsrud - er på besøk hos mor si denne dagen vi er med heimesjukepleia for å sjå på denne nyvinninga som er tatt i bruk av tilsaman 25 heimebuande personar i Nord-Fron.

To kvinner står ved ein kjøkkenbenk og mellom dei står ein digital medisindispenser - Klikk for stort bileteEva og Magnhild Karlsrud er begge nøgde med digital løysing Anne Grete Bakkene

 

 


-    Eg føler meg trygg når mor har denne medisindispenseren, seier ho. Eg veit at heimesjukepleia får varsel om medisin ikkje blir tatt ut. Men det har no ikkje skjedd enno.  Vi treng ikkje sitte her og vente på at heimesjukepleia – kanskje noko forsinka - skal kome og ordne medisinutdeling om dagen. Det ordnar mor greitt sjølv, og vi kan ta ein kjøretur på kafè om vi vil.

 

Mann står ved sidan av digital medisindispenser i entreen  - Klikk for stort bileteReidar Nordli i Givravegen Anne Grete Bakkene

Reidar Nordli som bur i Givravegen på Vinstra er også godt nøgd med medisindispensaren. 
– Det er vel ca 3-4 månader sidan eg fekk denne i hus – seier Reidar. – eg var spent og trudde ikkje eg skulle klare bruke denne, men det har gått bra. 

Medisindispensaren har fått ein sentral plass på eit bord med det same du kjem inn i huset.  Reidar spør heimesjukepleiaren om kva som skjer om straumen blir borte. - Det er jammen bra at den har 24 timers batterikapasitet om straumen skulle gå seier Reidar etter at han har fått denne opplysningen.
-Eg har ikkje gløymt å ta medisinen min her seier Reidar, litt stolt over å ha tatt dette i bruk.

 

 

Mann sit i lenestol  - Klikk for stort bileteArve Inge Nordlien var den første som tok i bruk digital løysing Anne Grete Bakkene

I HDO-bolig på Sundheim bur opprinneleg kvamvær (og elgjeger!)  Arve Inge Nordlien. – Eg var vel den første som tok i bruk denne digitale løysinga seier Arve Inge - og eg synest denne har fungert veldig bra. Eg er på Dagsenteret ein dag i veka, men då er heimesjukepleia innom her og får tatt ut for meg det eg skal ha på den tida. Litt ekstraservice her altså!
Arve Inge synest det er bra at det kjem hjelpemiddel som kan gjere det enklare for både brukarar og heimesjukepleiarane. 

 

Brukarkartlegging i botnen

Det er heimesjukepleia i Nord-Fron kommune som har planlagt og kome i gang med denne digitale løysinga med medisinutdeling for heimebuande.
-    Vi hadde ei grundig brukarkartlegging i botnen seier Guri Haugen som har vore prosjektansvarleg. - Det er ikkje alle som kan ha ei slik løysing, men for mange går det fint.  Brukaren er ikkje avhengig av besøkstida til heimesjukepleiaren og han/ho opplever meistring fordi dei handterar medisineringa sjølv. Brukaren får rett medisin til rett tid, noko som kan vere ei utfordring med heimesjukepleia som skal innom mange stader særleg på morgonen. 
 


Evaluering foregår kontinuerleg

Sjølv om prosjektet har hatt utfordringar så er det slikt som høyrer med i ei oppstartsfase. Det er så langt kun positive erfaringar i Nord-Fron med denne løysinga, men evaluering foregår kontinuerleg. I Nord-Fron er det også – i forhold til mange andre kommunar – lagt opp til forholdsvis mange brukarar heilt frå starten.  Det var leverandør som anbefalte å starte med mange for å få god flyt og erfaring i bruk av dispensaren i oppstartsfasen. Det er ei fortløpande vurdering av brukarane og om løysinga fungerer for vedkomande.

- Grundig brukarkartlegging i botnen – og positiv vilje og interesse blant brukarane våre - er nok mykje av forklaringa på at dette går bra her i Nord-Fron seier prosjektleiar avslutningsvis.