Hallmaraton har sidan oppstarten 11. september vorte ein populær aktivitet i Nord-Fron. Med slagordet "Oss går ei runde te" har konseptet samla folk i alle aldrar til triveleg og sosial aktivitet i trygge omgivelser. Tilbodet går kvar onsdag, torsdag og fredag gjennom heile vintersesongen fram til 17. mai.
Tidspunkt og stader:
Onsdagar: Skåbu skole, kl. 12:00–14:00
Torsdagar: Kvamshallen, kl. 11:00–13:00
(kaffe på Kvamstunet frå kl. 12:00)
Fredagar: Vinstrahallen, kl. 11:15–12:45
Sundheim, kl. 11:00–13:00
Det er ingen påmelding, berre å møte opp!
Sosialt, lavterskel og populært
I Skåbu har det vore rundt 16–17 deltakarar, og i Kvam opp mot 23. Det er open hall og god plass til fleire. Ein går så mange rundar ein vil, pratar litt og nyt ein kaffekopp og biteti etterpå.
Carpet Bowls og radtellar
Parallelt med Hallmaraton blir folk introdusert for Carpet Bowls – eit presisjonsspel som har blitt så

populært at det er planar om eige lag i Skåbu. Mange bruker òg strikketellarar for å halde styr på rundane – så slepp ein å telle og prate samtidig.
Godt for både kropp og sinn
– Det er godt dokumentert at regelmessig fysisk aktivitet har effekt på psykiske plager. Det fremmer god helse, gir betre humør og søvn, meir energi og reduserer stress, seier Marit Kvernflaten Listad, tenesteleiar for helse og meistring i Nord-Fron kommune.
Premien? Betre helse!
Deltakarane samlar rundar kvar veke. Til våren blir det rekna opp – kanskje har du gått eit halv- eller heilmaraton? Gevinsten er betre helse og livskvalitet – og kanskje ei overrasking.
Bli med du òg – oss går ei runde te!