Hallmaraton har sidan oppstarten for eitt år sidan blitt ein svært populær aktivitet i Nord-Fron. Med slagordet "Oss går ei runde te" har konseptet samla folk i alle aldrar til triveleg og sosial aktivitet i trygge omgivelsar.
Deltakarane kombinerer gåtur i hall med kaffe og sosialt samvær.
Kaffe og kanskje litt biteti etter hallmaraton
Nord-Fron kommune
Tidspunkt og stader
Tilbodet går kvar tysdag, onsdag, torsdag og fredag gjennom heile hausten og vinteren og er gratis.
Tysdagar - frå 8. september: Vinstrahallen kl.14.00 - kaffe i tribuneområdet kl. 15.00
Onsdagar - frå 9. september: Skåbu skole, gymsalen kl. 12.00 - kaffe på skolekjøkkenet kl. 13.00
Torsdagar- frå 3. september: Kvamshallen, kl. 11:00 - kaffe på Kvamstunet kl. 12.00
Fredagar - frå 11. september: Sundheim, kantina - Kaffetreffen kl. 12.00
Det er ingen påmelding, berre å møte opp! Ta med stavar eller rullator om du brukar dette.
Carpet bowl samlar mange i Vinstrahallen
Nord-Fron kommune
Carpet Bowl
Skåbu og Vinstra kan også skilte med suksessen Carpet Bowl (teppebowling) som også er for alle!
Premien? Betre helse!
Deltakarane samlar rundar kvar veke. Til våren blir det rekna opp – kanskje har du gått eit halv- eller heilmaraton? Gevinsten er betre helse og livskvalitet – og kanskje ei overrasking.
Bli med du òg – oss går ei runde te!