Vegetasjon som stikk ut i køyrebana eller heng over fortau og gang- og sykkelvegar, kan redusere sikta, gjere det vanskeleg å møtast og skape farlege situasjonar for både gåande, syklistar og bilistar. Ho kan òg vere til hinder for brøyting, renovasjon og anna drift og vedlikehald.
Grunneigar har ansvaret

Dersom vegetasjon utgjer ein trafikkfare eller hindrar nødvendig drift og vedlikehald av kommunale vegar, kan kommunen i enkelte tilfelle vere nøydd til å fjerne vegetasjonen. Dette endrar ikkje grunneigaren sitt ansvar for å halde vegetasjonen på eiga eigedom i orden.
Vi oppmodar derfor alle grunneigarar om å syte for at vegetasjonen på eiga eigedom ikkje er til hinder for ferdsel eller sikt.
Takk for at du bidreg til tryggare og meir framkomelege vegar for alle!