Informasjon om faktura for kommunale avgifter – termin 1 2026

I desse dagar sender Nord-Fron kommune ut faktura for kommunale avgifter for termin 1 i 2026. Fakturaen kan sjå litt annleis ut enn tidlegare, og mange vil oppleve at ho har fleire linjer enn før. Her forklarer vi kvifor – og korleis du kan lese fakturaen.

Kvifor har fakturaen fleire linjer enn før?

Fakturaen for termin 1 2026 inneheld vassmålaroppgjer for 2025 (ei avrekning basert på faktisk vassforbruk). Dette fører til fleire gebyrlinjer enn vanleg.

I tillegg blei meirverdiavgiftapå vatn og avløp redusert frå 25 prosent til 15 prosent frå 1. juli 2025.
Forbruk før og etter denne datoen må førast med ulik mva-sats, og dette gir fleire linjer på fakturaen.

Kva betyr a-konto?

Når du har vassmålar, betaler du a-konto gjennom året.
A-konto betyr at du betaler eit førehandsbeløp basert på tidlegare eller venta forbruk.

  • Du betaler a-konto gjennom året
  • På slutten av året blir forbruket rekna ut på nytt
  • Det du har betalt inn, blir trekt frå det faktiske forbruket

Årsavrekning av vassforbruk

I november les eigar av bustaden av vassmålaren.
I desember blir det gjort ei avrekningbasert på denne avlesinga.

  • Har du brukt meir vatn enn du har betalt for, må du betale mellomlegget
  • Har du brukt mindre, får du dette trekt frå

Døme på avrekning

I dømet i fakturaen er det betalt inn a-konto for:

  • 66 kubikkmeter vatn
  • 67 kubikkmeter vatn

Dette gir totalt 133 kubikkmeter betalt på førehand.
Linjene er delte fordi dei har ulik mva-sats (før og etter 1. juli 2025).

Det faktiske forbruket er 141 kubikkmeter.
Det betyr at forbruket er 8 kubikkmeter meir enn innbetalt a-konto, og desse må betalast i tillegg.

Kva meir står på fakturaen?

På fakturaen finn du òg:

  • Kommunale avgifter for termin 1 2026
  • Eigedomsskatt for termin 1 2026

Forfallsdato er 20. januar 2026.