Informasjonsmøte om Storåa i Kvam

Nord-Fron kommune inviterer til ope informasjonsmøte om status og vidare arbeid i Storåa i Kvam. Her får du oppdatert informasjon om framdrift og planar framover.

Velkommen til ope møte

Tysdag 7. april 2026 inviterer Nord-Fron kommune til ope møte på bygdahuset i Kvam. Møtet startar klokka 18.00, og er ope for alle som ønskjer å delta.

Status og vidare arbeid

På møtet vil det bli orientert om framdrifta i prosjektet og kva som skjer vidare. Representantar frå NVE og entreprenør vil bidra med informasjon.

Arbeidet har hatt noko forseinking, og dette vil også bli omtalt i møtet, saman med korleis dette påverkar framdrifta vidare.

Praktisk informasjon

  • Dato: 7. april 2026
  • Tid: Kl. 18.00
  • Stad: Bygdahuset i Kvam
  • Påmelding: Ingen – møt opp

Kontakt

Anders Nybakken
Tjenesteleder
E-post
Telefon 61 21 61 84
Mobil 91 38 64 12