Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar har sidan 2008 hatt en felles plan for idrett og fysisk aktivitet. Plan for 2023-2026 skal nå reviderast for ny periode 2027-2030.
Gjeldande plan finn du her:
Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2026
For å sikre brei medverknad i planarbeidet inviterer Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar med dette lag og organisasjonar, samt andre interessentar til å kome med innspel.
Her finn du svarskjemaet: Innspel til temaplan for idrett og fysisk aktivitet Midt-Gudbrandsdalen – Fyll ut skjema
Når er innspelsfristen?
Frist for å komme med innspel er 10. juni.
Kva skjer etter innspelsfristen?
Planen blir lagt fram til politisk behandling etter at innkomne forslag frå innspelsrunden er behandla. Etter ei ny høyringsrunde blir planen endeleg politisk behandla i desember 2026.
Kvifor har kommunen ein plan for idrett og fysisk aktivitet?
For å søkje tilskot frå spelemiddelordninga er det ein føresetnad at kommunen har ein politisk vedtatt plan for idrett og fysisk aktivitet og at anlegget er inkludert i gjeldande plan.
Planen skal
- innehalde status og utviklingstrekk
- innehalde visjonar og mål
- drøfte utfordringar, moglegheiter og behov
- vurdere aktivitetar og anlegg i framtida og med bakgrunn i dette legge fram ein handlingsplan med prioritering av tiltak for åra 2027-2030.
På nettsida idrettsanlegg.no finst retningsliner for ulike typar anlegg, og informasjon om søknad om spelemidlar.
Frå Jordalen hoppanlegg
Jordalen hoppanlegg