Kamfoss bru blir stengd om natta i to netter

Fylkesveg 255 Kamfossvegen blir stengd ved Kamfoss bru natt til måndag 28. september og natt til tysdag 29. september. Vegen er stengd frå klokka 21.00 til klokka 06.00 begge nettene.

Innlandet fylkeskommune skal reparere brua der Kamfossvegen kryssar Vinstra-elva. Arbeidet blir gjort av BMO Entreprenør AS.

For å kome til skadane må ein brulift stå på kjørebana. Difor blir brua stengd for trafikk medan arbeidet går føre seg.

Når er brua stengd?

  • Søndag 27. september klokka 21.00 til måndag 28. september klokka 06.00
  • Måndag 28. september klokka 21.00 til tysdag 29. september klokka 06.00

Utrykkingskøyretøy kjem forbi.

Om dagen er vegen open som vanleg.

Spørsmål om arbeidet?

Kontakt byggeleiar Knut Lomsdalen i Innlandet fylkeskommune:
Telefon: 92 01 23 64
E-post: knulom@innlandetfylke.no